nyhende

(original tekst)Alexis Filippidi og Ida Bellaja på Fontana håpar sveibuen vil støtte opp om arrangementa dei håpar skal skape meir uteliv i bygda. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Alexis Filippidi og Ida Bellaja melde tidlegare i juli at Fontana skulle stenga.

Bar-eigarane har noko nytt på gang

Innehavarane av restauranten og baren Fontana i Sveio satsar på å skape enda meir uteliv i bygda. Neste helg blir det marknad – og bygdas første oktoberfestival.

Publisert Sist oppdatert

I april i fjor opna restauranten og baren Fontana i Sveio sentrum. Og etter kvart har tilbodet vorte utvida med både kveldar med live-musikk, quiz og festivalar. Deira første Sommarfestival gjekk av stabelen sist sommar, og no ventar ein ny Fontana-festival for døra. Det er fredag 7. oktober og laurdag 8. oktober det skjer, og då blir det aktivitetar gjennom heile dagen, både for barn, vaksne og seniorar, i eit stort telt som skal setjast opp sør for sjølve restaurantbygget.

Marknad og oktoberfestival

Dagleg leiar Ida Bellaja og makkeren Alexis Filippidi lovar god marknadsstemning på dagtid, med salsbodar kor lokale aktørar vil tilby mellom anna både mat, keramikk, aloe vera-produkt og mykje anna. Det vert underhaldning frå scena, og Brannbjørnen Bjørnis kjem også innom til glede for dei yngste. På dagtid blir det også bingo.

Og på kvelden blir det oktoberfest, etter bayersk modell, og truleg den første av sorten i Sveio.

— Det er berre gøy om nokon kler seg ut i oktoberfest-klede. Men det blir ingen kleskode. Alle er velkomne, understrekar ho.

Under oktoberfesten er det Tom Andre Enge, Ragnar Enge og Bjørnar Johannesen som speler opp.

Fontane-eigarane har lagt ned mykje tid og ressursar i å få til eit utelivstilbod i Sveio. No håpar dei at endå fleire vil nytte seg av det, slik at dei kan halde fram med det.

— Me håpar å kunne gjenta både sommarfest og oktoberfest neste år. Kanskje får me også til ein julemarknad også, allereie i år, fortel ho.

Straumprisen trugar

Men samstundes lurar høge straumprisar og auka bustadlån-renter i bakgrunnen. Det får stadig fleire til å knipe litt hardare om lommeboka. Det merkast også i serveringsbransjen i heile landet, noko også Bellaja kan stadfeste. Forutan Fontana i Sveio er ho medeigar i Tonys Pizza i Haugesund Pizza- og Pasta-sentralen på Stord.

— Me merkar at det er færre som går ut no. Alle snakkar jo berre om straumprisar for tida, og det er jo heller ikkje så rart, sukkar ho.

Ho legg ikkje skjul på at høge straumrekningar også er ei utfordring for Fontana, og seier at dei vil søke på den nasjonale straumstøtteordninga når mogelegheita opnar for det i november.

— Me vil nok vere avhengig av den for å overleve, seier ho og legg til at dei merkar godt auka råvareprisar også, til dømes på mel og mjølkeprodukt. Men fet finst smertegrenser for kor mykje dei sjølv kan auke prisane på menyane sine.

— Me har sett opp ein femkrone her og ei tikrone der, men sjølv det høyrer vi nokre kundar reager på, seier ho.

Kebab-storm

Ei trøyst er at det i alle fall blir seld litt meir mat igjen på Fontana, etter det som blei ein aldri så liten storm av reaksjonar då dei ei periode slutta med å lage hamburgar, fisk og chips, og kebab. Noko dei mente ville gjere logistikken på kjøkenet, kor det er berre Ida og Alexis som jobbar betre, og dei kunne fokusere på smakfulle pizza- og pastaretter. Men reaksjonane let ikkje vente på seg.  Mellom anna på restauranten si Facebook-side var det mange som gav uttrykk for at dei var skuffa over den nye menyen. Men no er dei populære rettane tilbake på menykartet.

— Me må høyre på folket, og det var «full fest» då kebaben var tilbake, ler ho.

Powered by Labrador CMS