nyhende
Baneanalysane etter dopingsaka i Toppserien klare – her er funna
Analysar viser at det forbodne stoffet som utløyste den bisarre dopingsaka i Toppserien finst i alle kunstgrasbanar der oppmalte bildekk er nytta som innfyll.
Norges Fotballforbund opplyser overfor NTB om funna som er gjorde etter at 47 testar av ulike innfyll i norske kunstgrasbanar er analyserte.
Norges Fotballforbund har hatt hjelp av Noregs laboratorium for dopinganalyse (NLD) på Aker sjukehus i Oslo til gjennomføringa av dei omfattande undersøkingane.
Gummigranulat
Bakgrunnen er at ei rekke spelarar i Toppserien tok dopingprøve med spor av eit forbode stoff etter ein kamp mellom Lillestrøm og Vålerenga tidlegare i år. Berre éin av spelarane hadde verdiar som var over dei tillatne grensene.
I etterkant vart det klart at det sentralstimulerande stoffet DMBA kunne sporast til gummigranulatet i kunstgrasbanen i LSK-hallen. Det fekk NFF til å tilrå ein mellombels stans i all kampaktivitet i hallar som har det same banefyllet som på Lillestrøm.
Testar positivt innandørs
Den siste tida er ei lang rekke typar banefyll testa ut. No ligg altså resultata føre.
– Resultata er eintydige og som venta. Alle prøver som inneheld SBR (oppmalte bildekk), uavhengig av om SBR er coatet (belagd) eller ikkje, inneheld DMBA, seier NFFs generalsekretær Karl-Petter Løken til NTB.
Han opplyser vidare at resultata er uavhengige av om prøvene er henta frå granulat utandørs eller innandørs. Altså inneheld også granulat frå utandørsbanar også det forbodne stoffet, men det er berre innandørs det gir utslag i positive testar.
– NFF har også gjort nokre testar av SBR teke frå andre hallar enn LSK-hallen i løpet av sommaren, og dei gir også utslag på DMBA, seier Løken.
Berre dopingprøver som er gitt i samband med konkurransar, blir sjekka for DMBA.
– Det som ser ut til å avgjere om det kan testast positivt på DMBA etter ein dopingtest, er om prøvene blir tekne etter kampar spelte innandørs, seier NFF-toppen.
Blir forskingsprosjekt
Spørsmålet no blir kvifor det berre er dopingprøver som blir tekne innandørs som gir utslag på det forbodne stoffet – ikkje dei som blir tekne etter kampar i friluft.
– Vi må forske vidare på om faktorar som luftfukt, luftgjennomstrøyming med meir påverkar korleis stoffet blir teke opp i kroppen, og i kva mengder, seier Løken om den saka.
NFF avslører vidare at det no blir jobba med å definere eit eige forskingsprosjekt knytt til det som har vorte ei svært spesiell dopingsak. Med seg på laget har fotballtoppane fått mellom anna Antidoping Norge, Noregs laboratorium for dopinganalyse og Folkehelseinstituttet.
Også Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) og Det europeiske fotballforbundet (Uefa) er kopla på i saka.
Tilrår utandørs kampar
NFF understrekar at det ikkje er nokon grunn til uro for helserisiko knytt til å trene på det aktuelle innfyllet. All utandørs kampaktivitet og trening held også fram som før.
Kampar innandørs blir likevel framleis tilrådde å bli flytta utandørs inntil vidare.