nyhende

Salaten er no fjerna frå butikkhyllene. Sjekk datoen om du har ein heime.
Salaten er no fjerna frå butikkhyllene. Sjekk datoen om du har ein heime.

BAMA tilbakekallar pastasalat med kylling

Har du kjøpt denne pastasalaten med kylling i ein Coop-butikk, bør du sjekka datoen før du et den.

Publisert Sist oppdatert

Årsaka til at BAMA kallar tilbake denne salaten er funn av listeria.

Verd å vita om listeria

Tilbakekallinga gjeld 219 produkter seld i Coop sine butikkar over heile landet. Produkta har siste forbruksdato 13.08.24, og er no fjerna frå butikkhyllene.

Har du kjøpt eit slik produkt, ber BAMA om at du kastar dette. For eventuell kompensasjon må du kontakt BAMA sin forbrukarservice.

Powered by Labrador CMS