nyhende

Bålpanne på verandaen kjem brannvesenet ikkje til å sløkka. Men det er eit godt tips å 'netta' bålet inn.
Bålpanne på verandaen kjem brannvesenet ikkje til å sløkka. Men det er eit godt tips å "netta" bålet inn.

Bålforbodet startar i dag

Til helga er det meldt strålande vêr, og då er det freistande å fyra opp bål for å koka kaffi eller grilla. Derfor: hugs at det frå 15. april til 15. september er bålforbod, og vis omsyn til dette.

Publisert Sist oppdatert

Haugaland brann og redning

Haugaland brann og redning iks har ansvaret for sju kommunar.

Beredskapsavdelinga er inndelt i tre område med kvar sin områdeleiar.

Område vest:
Karmøy
Utsira
Område midt:
Sveio
Tysvær
Bokn
Område aust:
Etne
Vindafjord

Det som ofte blir kalla bålforbodet, er eit generelt forbod mot open eld i skog og utmark over heile landet. Unntaket er godkjente bålplassar. Forbodet gjeld all utmark; det omfattar skog, lyng, gras, snaufjell, holmar og strandområder.

Det er likevel tillate å gjera opp eld der det openbert ikkje kan medføra brann. Og kva folk gjer i sin eigen hage, legg ikkje brannvesenet seg opp i. Bålpanner og grillar kan derfor takast i bruk på verandaen eller i hagen, så lenge ein viser aktsemd.

Grilling i sjøkanten

– Det er lov å kosa seg og bruka naturen, og det er lov å bruka sunn fornuft. Bål i utmark er forbode, men du skal få lov til å grilla i sjøkanten så lenge det ikkje er i nærleiken av brennbart materiale, seier brannsjef Dag Botnen i Haugaland brann og redning.

Vinden kan tørka ut naturen raskare enn sola, så det treng ikkje vera fint vêr for at ein bør tenkja seg om. 2. pinsedag i 2012 skulle ein erfaren turgåar berre koka seg kaffi på primus på Ryvarden. Brått tok det fyr i graset, og fire minutt seinare var brannen ute av kontroll.

59 personar måtte evakuerast under storbrannen som følgde. Fleire tusen mål gjekk med, og det tok fleire dagar å sløkka brannen. Store mannskapsstyrkar var i sving under sløkkinga, og det er slike situasjonar det er ekstra viktig å unngå i desse koronatider.

Ventar på nytt forbod

– Den ekstraordinære situasjonen me er i grunna koronaviruset, gjer at det no er føreslått endringar i brannforskrifta. Høyringsfristen er vel i dag, og me reknar med at om kort tid vil det bli forbode med all form for brenning både lokalt og nasjonalt, seier brannsjefen.

Målet er så langt som mogeleg å redusera talet på ekstraordinære situasjonar, som storbrannen i 2012, til eit minimum.

– Dersom ein viser seg å vera smitta av korona, vil resten av mannskapet også måtta gå i karantene. Det vil betyr store utfordringar for beredskapen, seier Botnen.

Gode råd på turen

Norsk Friluftsliv – fellesorganisasjonen for 17 friluftslivsorganisasjoner – rår alle til å følja med på informasjon frå heimkommunen og lokalt brannvesen, i tilfelle det blir innført totalforbod mot å gjera opp eld utandørs. Der vil du også finna informasjon om tilrettelagte og godkjente bålplassar.

Norsk Friluftsliv og Hold Norge Rent har i samarbeid utarbeida ei liste med gode råd kring ferdsel og bruk av naturen:

1. Unngå bruk av eingangsgrill

Eingangsgrillar er eit stort forsøplingsproblem og kan også gjera skade på svaberg, gras og annan vegetasjon. Kjøp heller ein berbar fleirbruksgrill og set den på eit trygt underlag, som for eksempel sand. Du kan også oppsøkja godkjente grill- eller bålplassar. Mange kommunar har sett opp offentlege grillar som alle kan nytta seg av.

2. Unngå bruk av eingangsprodukt

Ta med tallerkenar, bestikk, koppar m.m. heimanfrå i staden for å kjøpa eingangsprodukt. Forsøk også å begrensa bruken av tennvæske og opptenningsbrikettar.

3. Respekter forbodet mot open eld i skog og mark

Frå 15. april til 15. september er det generelt forbud mot open eld i skog og utmark med unntak av godkjente bålplassar. Det er likevel tillete å gjera opp eld der det openbert ikkje kan medføra brann.

4. Unngå å gjera skade på friske tre

Om du skal grilla på bål, kan du bruka tørre kvistar du finn i skogen, men unngå å gjøra skade på friske tre. Hugs også at verneområder og nasjonalparkar har eigne bestemmelsar knytt til sanking av ved, bruk av etablerte bålplassar, forbod mot open eld m.m.

5. La grillen bli heilt avkjølt etter bruk

Ver heilt sikker på at grillen er kald før den blir pakkea ned. Ha med ei stor flaske vatn til sløkking av grillen. Eingangsgrillar må vera helt kalde før dei blir kasta i eigna avfallsdunk eller teke med heim.

6. Ta med alt avfall heim

Ta alltid med alt avfall og alle matrestar heim. Dette kan skada både dyr og miljø – og forsøpling er lite hyggeleg for dei som kjem etter. Plukk gjerne også opp anna avfall som er kome på avveie. Bruk Hold Norge Rents sporlauspose eller ta med noko anna å ha avfallet i.

Powered by Labrador CMS