nyhende

Det er ikkje lov å brenna St. Hans-bål. ILLUSTRASJONSFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK
Det er ikkje lov å brenna St. Hans-bål.

Bålforbodet gjeld til over helga

Regnet som har kome i dag er ikkje nok til å bløyta knusktørr jord og skog tilstrekkeleg. Hadde du håp om St. Hans-bål, er det sløkt etter siste vurdering av brannfaren. Skal du grilla, må du ta omsyn.

Publisert Sist oppdatert

Dette er reglane

Ved eit totalforbod er det ikkje lov å gjera opp eld:

  • i og i nærleiken av utmark og innmark.
  • på tilrettelagte grill- og bålplassar i eller i nærleiken av skog og utmark.

Det ikkje tillate å brenna bål, bruka grill, stormkjøkken, andre kokeapparat, bålpanner og anna brenning med fast brensel (ved, kull, brikettar, gras, greiner ol.). Dette gjeld i skog og anna utmark eller så nær at eld lett kan spreia seg vidare i terrenget, samt innmarksområder.

Innmark er dyrka mark, engslått og kulturbeite. Utmark er det meste av skog, strand, fjell, eng, myr, vatn og andre typar landskap.

Det lov å grilla i opparbeida hage, på skuleplassar og større asfalterte område. Hugs at du alltid er ansvarleg når du tenner eld, uansett kvar du er og når på året det er.

Kjelde: Haugaland Brann og Redning

Etter siste møte med Haugaland Brann og Redning og Meterologisk institutt, er det vedteke å oppretthalda bålforbodet til over helga. Då kan det koma så mykje regn at forbodet blir oppheva før 30. juni, men St. Hans-bål og andre bål er altså ikkje lov denne veka.

– Kraftige byger som varer kort tid eller duskregn er ikkje nok til å bløyta knusktørr jord og skog. Og det er usikkert kor mykje regn som kjem resten av veka, seier seier Ole-Martin Nordstrand, leiar forebyggande Haugaland Brann og Redning.

Heile Sveio er raud

— Eg ser på skogbrannfareindekskarta til Met.no at heile Sveio er raud, altså stor skogbrannfare, i dag og to dagar framover. Andre kommunar rundt Sveio har meir oransje farge på kartet, men også der er skogbrannfaren høg, seier Nordstrand onsdag.

St. Hansaftan er ein kjekk kveld å samlast, og bygdalag, velforeiningar og andre inviterer til feiring. Ein del annonserer også med grilling.

Du kan grilla i hagen

— Grilling er lov i eigen hage. Skal ein samlast til ein større St. Hansfest til dømes i regi velforeininga, vil eg sterkt anbefala å bruka gassgrill om ein skal grilla. Og at ein har grillen eller grillane på ein stor, open plass med grus eller asfalt og god avstand til vegetasjon og bygningar. Ein kan bruka vanleg grill, men me minner om at din eld er ditt ansvar, seier Nordstrand.

Han viser til brannen på Røykenes i Førde sist søndag som eit eksempel på kort fort det kan gå om det går gale. Arbeid med ein plentraktor på eit jorde sette fyr på det tørre graset. På kort tid spreidde elden seg over jordet og inn i eit skogområde. Stor og rask innsats frå både brannvesen og sivile hindra at ein større brann fekk utvikla seg.

Powered by Labrador CMS