nyhende

I november døydde tre koronapasientar ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN) av bakterien som no har spreidd seg til alle dei fire helseregionane. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
I november døydde tre koronapasientar ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN) av bakterien som no har spreidd seg til alle dei fire helseregionane.

Bakterieutbrot har spreidd seg til 28 sjukehus i Noreg

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Utbrotet som går føre seg av bakterien Pseudomonas aeruginosa har spreidd seg til alle dei fire helseregionane, og det er hittil varsla om 160 smittetilfelle.

Utbrotet vart først oppdaga i november på Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN) i Tromsø.

Bakterien er ein vanleg førekommande bakterie som ofte trivst i sjukehusmiljø. Han forårsakar sjeldan sjukdom hos friske, men kan gi alvorleg infeksjon hos intensivpasientar og pasientar med svekt immunforsvar, opplyser Folkehelseinstituttet (FHI).

Tre koronapasientar ved UNN døydde i november etter å ha vorte smitta av bakterien.

FHI reknar utbrotet som alvorleg, og jobbar for tida med å få ei best mogleg oversikt over situasjonen og å avgrense utbrotet.

– Det er sannsynlegvis ein kombinasjon av smitte mellom personar og mellom personar og miljø. Derfor leitar vi òg etter ei mogleg felles smittekjelde som medisinsk utstyr eller andre produkt, seier overlege Kirsten Gravningen ved FHI.

Analysar gjort av bakterien viser at utbrotsstammen ikkje har vorte beskrive i Noreg eller nokon andre land tidlegare.

Dei tre pasientane som døydde i byrjinga av november, vart intensivbehandla for koronaviruset, men døydde av blodforgifting og akutt sirkulasjonssvikt som følgje av bakterieinfeksjon med bakterien Pseudomonas aeruginosa.

Bakterien er svært motstandsdyktig mot antibiotika og er ikkje sjeldan årsak til sjukehusinfeksjonar, opplyser FHI.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS