nyhende

Ine-Lill Hjelm Gabrielsen (t.v.) og Rita Glenne ror frå Lindesnes til Nordkapp. FOTO: PRIVAT
Ine-Lill Hjelm Gabrielsen (t.v.) og Rita Glenne ror frå Lindesnes til Nordkapp.

Baklengs inn i Buavåg

To kvinner frå Austlandet har rodd frå Lindesnes og tek sikte på Nordkapp. Nyleg kom dei roande inn i Buavåg, der fekk dei ly og losji av sveibuar.

Publisert Sist oppdatert

Sosiale medium

Reisa kan du følgje på sosiale medium, der dei heiter BaklengsMotNord.

— Me ser fram til å kome tilbake til Lofotr, seier Ine-Lill Hjelm Gabrielsen.

Saman med venninna Rita Glenne er ho på veg tilbake til båten deira, Lofotr.

Det er ein tradisjonell nordlandsbåt. Sidan det er to som kan ro samstundes er det ein såkalla færing, og den er klinkbygd,

— Den er frå 1992. Det er ikkje ein veldig gamal båt, men tradisjonen er frå vikingtida, seier Glenne.

Snille i Buavåg

Sidan 19. mars har dei rodd nordover frå Lindesnes.

— Baugen peikar nordover, og då håpar me at me ender opp på Nordkapp. Det hadde vore stas, seier Gabrielsen.

I påska kom dei roande inn i Buavåg. Så gjekk resten litt av seg sjølv.

— Me kom i kontakt med nokon som kjenner nokon, og plutseleg var me i kontakt med leiar i båtforeininga, Cato Helgesen. Han ringte Marius, og så fekk me nøkkel og det berre ordna seg.

Dei måtte brått heim til Austlandet på eit personleg ærend. Heldigvis fann dei ein nydeleg stad å la båten kvile.

— At me no får bu i Buavåg er fantastisk snillt, seier Gabrielsen.

Utegudsteneste

Innkvartert i klubbhytta kunne dei endeleg senka skuldrene, men det er dei eigentleg ikkje så glad i.

—Knut som bur i nærleiken av kaia tipsa oss at dei skulle på utegudsteneste saman med speidarane. Då heiv me oss med. Det er det som er så fint med å møta lokalbefolkninga, seier Gabrielsen.

— Kva sa folk til dykk?

— Fleire av dei hadde allereie sett båten. Dei kom bort og spurte om det var vår. Det er vel ikkje så ofte at ein klinkbygd nordlandsbåt kjem inn til hamn, seier Glenne.

Dei beskriv folk dei møter langs kysten som rause, og fortel at dei har hatt mange positive møte med dei.

Noreg på langs på ski og sykkel

Glenne og Gabrielsen har sett mykje av Noreg, men der dei er no er noko nytt.

— Kvifor får ein lyst til å ro sør til nord?

— Det er veldig enkelt. Noreg er eit veldig vakkert land, seier Glenne før ho legg til:

— Me har begge gått Noreg på langs på ski, og Gabrielsen har sykla Noreg på langs. Så no ville me sjå kysten, seier ho.

Ingen av dei har noko særleg erfaring med roing, og reisa har gjeve dei mange opplevingar.

— Me starta jo 19. mars. Måking av snø i båt er noko nytt, humrar Gabrielsen.

Skilnaden frå ski til båt vert synleg når vêret er dårleg.

— Særleg for meg som ikkje akkurat er «havets dotter». Er me på havet så må me fortsetta til me er komen i trygg hamn, seier Glenne.

— Suksessfaktoren vår er å ha nok tid til å ta det med ro, og ikkje stressa ut i dårleg vêr, seier Gabrielsen.

Bursdag i båt

Med seg til sjøs har dei primus, soveposar, telt, og kassar med mat for nokre dagar om gongen. Dei søv mykje i telt, men ikkje kvar einaste natt. Nokre gonger er dei så heldige som då dei kom til Buavåg.

Alt om bord i båten er pakka i vasstette posar, og dei har tre forskjellege typar klede.

— Me har ulltøy, regntøy og finklede, i tilfellet det dukkar opp ein restaurant, humrar Glenne.

— Me er jo godt vaksne damer, ler Gabrielsen.

Den 5. september fyller Glenne 58 år. Ho andre i båten er berre nokre veker unna å fylla 54.

— Eg har bursdag den 19. mai, seier Gabrielsen.

— Åja, det er ikkje lenge til. Vert det bursdag i båt?

— Det kan vera. Elles kan det vera me er så heldige å ha koma fram til ein stad me kan leiga ski og gå topptur. Det hadde vore draumen, seier Gabrielsen.

Avskjedsord til Sveio

— Korleis fekk dykk ideen?

— Friluftsliv er fellesnemnaren. Når du går Noreg på langs ser du alt langs ei lita stripe, så no flyttar me den stripa til kysten. Og at me har eit behov for å vera i aktivitet. Det er for seint å slutta og gjera noko no, seier ho.

— Har dykk nokre avskjedsord til Sveio?

— Nei, det hadde jo vore hyggeleg om fleire hadde byrja med kystroing, spøker Gabrielsen.

— Me vil takka for støtta me har fått av lokalbefolkninga, seier Glenne.

Powered by Labrador CMS