nyhende
Badstove-sakene er henlagt
To dødsfall i same badstove, førte til at ei kvinne i Sveio vart mistenkt for drap. No er sakene henlagt og kvinna fri for all mistanke. Ho vil kreva erstatning for påkjenningane ho er påført.
Sommaren 2016 vart ektemannen til kvinna funne død i badstova på garden nord i Sveio. Dødsfallet vart etterforska, men politiet fann ikkje noko kriminelt og henla saka. Dødsårsaka var truleg kolosforgifting.
Då ein ven blei funnen død i same badstova sommaren etter, blei kvinna mistenkt for drap. Etter vel eitt år, vart også denne saka henlagt som «intet straffbart forhold».
Saka var likevel ikkje over for kvinna. Mødrene til dei to avdøde klaga inn avgjerda om å henlegga sakene, og Riksadvokaten bestemte at det skulle etterforskast vidare som to drap.
Vil kreva erstatning
Tysdag kom meldinga om at Riksadvokaten har henlagt begge sakene. Det er ikke funne bevist noko straffbart ved dødsfalla, og kvinna er endeleg fri for mistanke om drap.
Tida sidan sommaren 2016 har vore ei stor påkjenning, og kvinna vil no kreva erstatning.
– Saka har pågått over mange år, og min klient er psykisk heilt utmatta på grunn av belastninga og det presset ho har følt seg utsett for. Ho er blitt stempla som ein mulig drapsmann og har lidt store økonomiske tap, seier advokat Patrick Lundevall-Unger til Haugesunds Avis.