nyhende

Tor Inge Flåten (t.v.) i Førde Bygdalag og Mikal Møller Hovda (H) i ein pause i HTN-møtet onsdag.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Tor Inge Flåten (t.v.) i Førde Bygdalag og Mikal Møller Hovda (H) i ein pause i HTN-møtet onsdag.

Bad partane finne mur-løysing

Den omstridde muren like ved den populære naturparken i Førde blir ståande. I alle fall inntil det er avklart om Sveio kommune, Førde Bygdalag og nausteigarane finn fram til ei løysing som sikrar at alle er nøgde.

Publisert Sist oppdatert

Det er klart etter at muren på ny var tema i eit møte i hovudtutval for teknisk/næring (HTN) onsdag kveld.

I god tru

Vestavind har tidlegare omtalt den muren som ekteparet Jan Åge og Gunn Bente Håvardsholm har fått sett opp ved avslutninga av Lauvnesstien, ein tursti som går frå naustet deira ved prestegardsstranda og nordover mot naturparken. Muren ligg delvis på kommunal grunn, noko ekteparet seier har skjedd i god tru, då dei meiner dei fekk klarsignal frå ein kommunal sakshandsamar etter eit møte med vedkommande. Kommunen har avvist dette.

Muren har sytt for at det ikkje lenger er mogeleg å kome til langs strandsida med maskinar som Rex Garden AS treng for å halde ved like den populære naturparken med rhododendro-plantar og treskulpturar like ved. Det fins omvegar, men det alternativet kompliserer arbeidet så mykje at selskapet har varsla at dei no vurderer å seie frå seg ansvaret dei har for å vedlikehalde parken som ligg på kommunal grunn.

Ole Johan Sveen (Uavhenig) var med på å sikre fleirtal for Mikal Møller Hovda (H) sitt framlegg om å ikkje forfølgje tiltaket.

Administrasjonen i kommunen konkluderte i fjor med at muren er søknadspliktig, og at han er plassert delvis på kommunal grunn. Difor vart det fatta eit administrativt vedtak om at muren måtte rivast, og det vart lagt ned krav om døgnmulkter fram til tiltaket var retta. Dette klaga ekteparet Håvardsholm på, og dei fekk medhald av hovudutval for teknisk næring (HTN) i eit møte 16. november i fjor.

Saka var oppe på ny i HTN onsdag denne veka. Bakgrunnen var at Førde Bygdelag hadde klaga på vedtaket frå 16. november. Dei samarbeider med Rex Garden AS om vedlikehaldet av Lauvnesstien og Rex Garden. I forkant hadde kommunen sin jurist, Bjarte Stølås Storli, i eit notat konkludert med at bygdelaget ikkje hadde klagerett i saka, men juristen meinte at vedtaket frå 16. november var ugyldig og måtte gjerast om. Dette fordi tiltaket var «mindre alvorleg», som er ordlyden som måtte til for politikarane kunne la vere å følgje det opp.

Fekk ikkje fleirtal

Mikal Møller Hovda (H) sa i møtet at han var i tvil om muren var søknadspliktig, og trekte med andre juristen si vurdering i tvil. Utvalsleiar Håkon Skimmeland (Ap) argumenterte for at han frykta potensiell presidens om utvalet godkjende noko som i høve til lovverket skulle ha vore følgt opp. Han tok til orde for og fremja eit forslag om at HTN skulle følgje opp tiltaket. Men då berre Brit Oddrun Stuve (Sp) og Sondre Natås Strand (KrF) gav Skimmeland tilslutnad, fall forslaget hans med 3 mot 4 røyster.

HTN-leiar Håkon Skimmeland (Ap) fekk ikkje fleirtal for sitt framlegg.

Mikal Møller Hovda (H) fekk med Belinda Teikari (Frp), Anne Berit Stokka (Frp) og Ole Johan Sveen (Uavhengig), og sikra dermed knapt fleirtal for at tiltaket ikkje skal følgjast opp. Men det betyr ikkje at muren er sikra å få stå. For det var eit samrøysta utval som gjekk inn for eit tilleggsforslag frå Møller Hovda, der det heiter at kommunen skal kontakte Førde Bygdalag for å få ei avklaring på om det er mogeleg å lage ein enkel plan for korleis avslutninga av Lauvnesstien skal vere.

«Dersom muren ikkje inngår i planen, kan Sveio kommune som forvaltar av eigedommen krevja at muren blir riven av vedkommande som sette den opp. Det må også vurderast om det skal tillatast køyring eller avgrensa køyring frå strandsida» heiter det i vedtaket.

I vedtaket heiter det vidare at det bør takast kontakt med nausteigarane, med tanke på å avklare om det er råd å få til tilpassingar for å gjere prosjektet så rimeleg og enkelt som råd er.

HTN sette frist for å finne avklaringar til 17. juni i år, og ein eventuell plan skal godkjennast av utvalet.

Forundra over fleirtalet

Leiar Tor Inge Flåten i Førde Bygdalag seier at han på vegner av bygdelaget er sjokkert over at fleirtalet i HTN ikkje er samde med kommunen sin jurist om at vedtaket frå 16. november truleg er ugyldig.

— Det er me skuffa og forundra over. Men det viktigaste er å finne ei løysing. Me håpar vedtaket kan hjelpe oss til å finne ei løysing som alle partar kan vere nøgde med, seier Flåten, som var til stades under møtet onsdag.

— Har bygdelaget midlar til å koste ei eventuell utviding av turstien ved muren?

— Ikkje per no. Me har fleire kostnadskrevjande prosjekt på gang allereie, seier han, og viser mellom anna til at det er ny leikeplass under opparbeiding ved Prestestranda, og dessutan at bygdalaget nettopp har overtatt det gamle Tinghuset og skal gå i gang med å pusse det opp.

Han håpar kommunen finn det tenleg å koste ei eventuelt godkjend utviding av turstien ved muren.

Det er tinga møte mellom administrasjonen i kommunen og Førde bygdelag allereie tysdag neste veke.

— Ordnar seg nok

Ekteparet Jan Åge og Gunn Bente Håvardsholm var også til stades på møtet, og sa seg nøgde med vedtaket.

— Dette vedtaket burde vore gjort for lenge sidan. Det er heilt rett, slik det vart gjort i dag, sa dei til Vestavind.

Dei ønskjer ein dialog med kommunen og bygdelaget velkommen.

— Dette ordnar seg nok, seier dei.

— Er de opne for å ha ein eventuelt utvida tursti forbi naustet dykkar?

— Ja, men det må jo skje gjennom ein søknadsprosess, presiserer Jan Åge Håvardsholm.

Powered by Labrador CMS