nyhende
Avviste ny debatt om skulestrukturen
Kommunestyret i Sveio sa måndag nei til revisjon av skulebruksplanen no, og avverga dermed truleg ein debatt om nedlegging av Auklandshamn og Valestrand skular i denne omgang.
Bakgrunnen for saka er punkt 2 i det vedtaket kommunestyret gjorde 12. april 2021. Etter ein omfattande debatt og stort engasjement i heile kommunen, blei det den gongen bestemt å behalda alle skulane.
Men punkt 2 i vedtaket lyder slik: «Dersom gjennomsnittleg elevtal fell under 40 i to samanhengande år, skal rådmannen starta utarbeiding av ei sak med tanke på nedlegging av den aktuelle skulen.» No er situasjonen slik at elevtalet både i Auklandshamn og Valestrand vil vera under 40 to år etter kvarandre.
Levande bygder
Grethe Lier Alne (H) var den første som tok ordet i denne saka. Ho fremja fellesforslaget frå Høgre, Frp, Senterpartiet og KrF om å seia nei til endringar i skulebruksplanen no.
– Me treng utvikling i alle delar av kommunen. Skule og barnehage er viktig for å behalda levande bygder, sa Alne mellom anna.
Demografiske endringar
Asle G. Halleraker (TvF) var talsmann for det motsette synet. Han ønskte revisjon av skulebrukspalen og viste til demografiske endringar som han meinte nabokommunane har tatt inn over seg. I eit langt og engasjert innlegg appellerte han til representantane om å ikkje la seg styra av kjensler og heller ikkje av partiprogram i denne saka. Han kom også med denne oppsiktsvekkande påstanden:
– Dersom alle barn i krinsane hadde gått på nærskulen sin, hadde me ikkje hatt denne debatten. Men elever flyttar frå skule til skule, sa Halleraker.
Om påstanden kan dokumenterast, er eit anna spørsmål. Kommunalsjef oppvekst og kultur, Elisabeth Nygaard svarar slik:
– Det kan utfordra teieplikta å gi ut eksakte tal for dette. Men det er fleire elevar som går på andre skular enn nærskulane i Sveio kommune. Det er flest elevar som søkjer seg over frå småskulane til dei større, men det skjer også at nokre elevar søkjer seg frå Sveio skule til dei mindre skulane.
Programforplikta
Representantar for posisjonspartia hadde ordet etter tur under debatten i kommunestyret.
– Det er ikkje fleirtal for strukturelle endringar. Då er det greit å gi bygdene ro og høve til å snu utviklinga, sa Rune Teikari (Frp), som også viste til samarbeidsavtalen.
Monica Vandaskog Valen (Sp) sak kort og greit at partiet hennar ønskjer ro om skulane, medan Sondre Natås Strand (KrF) la vekt på at det ikkje har kome signal om at foreldre flest er misnøgde med kvaliteten på undervisninga og skulemiljøet på dei minste skulane.
Også Linn Therese Erve (Ap) viste til programmet der partiet har forplikta seg til å behalda dagens skulestruktur i denne perioden, så sant det ikkje kjem krav frå foreldra om endringar.
Ved avstemminga fekk Halleraker støtte for sitt syn frå Leif Tore Haukås (Frp) og Tatsiana Kozel (Ap).