nyhende

Tjernagelvegen til endeleg avgjerd hjå Statsforvaltaren:

Ole Johan Sveen (TvF) foreslo dialog med nokre av klagarane, men fekk ikkje fleirtal for dette.
Ole Johan Sveen (TvF) foreslo dialog med nokre av klagarane, men fekk ikkje fleirtal for dette.

Avviste klagene på reguleringsplanen

Med 20 mot fem stemmer vedtok kommunestyret i Sveio måndag kveld å avvisa klagene på reguleringsplanen for Fv. 541 – Tjernagelvegen – på strekninga Krossleite-Grimstveit. Saka blir dermed sendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd.

Publisert Sist oppdatert

Mindretalet stemte for eit forslag frå Tverrpolitisk Fellesliste (TvF) om å gå i dialog med ein del av klagarane med sikte på å finna minnelege løysingar på i alle fall ein del av dei problema som klagarane har tatt opp. Det var Ole Johan Sveen (TvF) som presenterte dette forslaget. Han fekk følge av Bjørn Gerhard Huseby (Frp), Cato Sivertsen (INP), John Anders Semb (TvF) og Inger Emilie Kvalvåg Panayiotou (Ap).

– Tid å spara på dialog

– Om me tar nokre veker til dialog kan me kanskje spara fleire års forseinkingar på grunn av ekspropriasjon og kanskje rettssaker, sa Sveen.

Det var tre av klagene Sveen og TvF hadde ønske om å gå i dialog med: Gjertrud S. Osmundsen, advokat Roe Lauvås på vegne av Anne Fresvik og 16 grunneigarar representert ved Ole Andreas Våge. Sveen såg fore seg at ein gjennom slik dialog kunne koma fram til mindre justeringar av vegtraseen, økonomisk kompensasjon eller erstatningsareal for tapt landbruksareal.

– Hastar med avgjerd

Monica Vandaskog Valen (Sp) var den første som hadde ordet i denne saka. Ho såg problema som klagarane har tatt opp, men konstaterte at det ikkje har kome nye opplysningar og valde å la omsynet til trafikktryggleik telja mest.

Det same sa John Kristian Økland (H). Han viste elles til at det ikkje er påvist sakshandsamingsfeil. Heller ikkje har det kom nye opplysningar, sa Økland. Både han og Valen understreka at tida er knapp om ein skal ha håp om å få midlar til vegen når fylkeskommunen skal behandla Regional Trafikkplan om nokre få veker.

Heller ikkje Olav Østebø Olsen (SV) såg nokon grunn til å ta klagene til følge.

Hovda habil

Før debatten om denne saka kom i gang, ba Mikal Møller Hovda (H) kommunestyret vurdera habiliteten hans – ettersom det tidlegare er blitt reist tvil om dette spørsmålet. Eit samla kommunestyre vedtok at Hovda var habil og let han delta i behandlinga av saka.

Ja til utvida planområde

Kommunestyret behandla måndag også spørsmålet om eventuell utviding av planområdet for ny E39 ved Lier. Samrøystes og utan debatt slutta kommunestyret seg til formannskapet si tilråding.

Kommunestyret sa seg, med andre ord positive til at planområdet blir utvida ved Lier, og ber om at fleire alternative vegtrasear blir utgireidde for å møte utfordringane i området.

Powered by Labrador CMS