nyhende
Avviser at Solberg bløffa om kommunale avgifter
Ordførar André Mundal Haukås (H) avviser mykje av kritikken mot Erna Solberg frå stortingsrepresentant Lene Vågslid (Ap). Han seier også at dei kommunale avgiftene har auka mest i Ap-styrte kommunar.
I eit lesarbrev som Vestavind publiserte på nett onsdag, hevdar Vågslid at Høgre-leiar og statsministerkandidat Erna Solberg har brote lovnaden frå i fjor om at dei kommunale avgiftene ikkje skulle auka i kommunar der Høgre fekk makta. Ordføraren i Sveio synest derimot ikkje at Solberg lova for mykje under valkampen i 2023.
– Det er bra me har ein partileiar som bryr seg om innbyggjarane si lommebok, seier Haukås.
– Bløffa for veljarane
Under valkampen i fjor haust lova Høgre-leiar Erna Solberg både i Sveio og andre stader at dei kommunale avgiftene ikkje skulle auka i Høgre-styrte kommunar. Vågslid, som er kommunalpolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, kallar dette bløff, sidan avgiftene i Sveio har auka med 13,8 prosent eller 1.376 kroner dette året.
Auka kostnader
– Nivået på kommunale avgifter blei diskutert både i formannskapet og kommunestyret i samband med fastsetting av gebyr i fjor haust. Avgiftene for vatn og avløp skal tilsvara kostpris. Høge renter og naudsynte investeringar i nytt reinseanlegg er grunnen til avgiftsauken hos oss, seier Haukås vidare.
Samstundes minner han om at ein vesentleg del av Solberg sin lovnad handla om eigedomsskatt.
– Og det har me jo ikkje i Sveio! understrekar han.
Sveio-ordføraren seier også at kommunane får stadig strengare miljøkrav. I løpet av fjoråret la Høgre fram eit forslag med fleire punkt i Stortinget som ville kunne redusere gebyra i kommunane. Desse forslaga blei nedstemte av stortingsfleirtalet, seier han.
– Auka meir i Ap-kommunar
Haukås meiner også at kritikken frå Vågslid er urimeleg ettersom avgiftsauken har vore større i kommunar med Ap-styre enn i Høgre-styrte kommunar.
– I Høgre-styrte kommunar har avgiftene i gjennomsnitt auka med 1.753 kroner frå i fjor til i år. I dei Ap-styrte kommunane har avgiftene auka meir. Her er gjennomsnittstalet 1.813 kroner.
Ordføraren forstår elles godt at debatten om kommunale avgifter engasjerer.
– Dette går direkte på innbyggjarane sin økonomi. Dette må me vera merksame på og ha respekt for folk si tålegrense.