nyhende

Avslutta 49 jordskiftesaker

Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett avslutta 49 saker i 2024, og fekk inn 42 nye sakskrav. Ved årsskiftet var talet på føreliggande saker 40.

Publisert Sist oppdatert

Dette går fram av jordskifteretten si årsmelding for 2024. Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett dekkar 15 kommunar i Nord-Rogaland og Sunnhordland.

To saker i Sveio

To av dei 49 sakene som ble avslutta i 2024 har tilknyting til Sveio. Den eine gjeld rettsutgreiing knytt til ein veg i grensa mellom Nedre Eikeland og Vestvik. Vegen går frå fylkesvegen og ned til sjøen ved Vestvikvågen.

Den andre saka gjeld rettsutgreiing knytt til vegrett fram til ein fritidsbustad på Haugen.

Vegar og tvistar i strandsona

Dei fleste sakene som kjem inn til jordskifterette handlar om rettstilhøve knytte til vegar og tvistar i strandsona. Resten gjeld endringar i arealbruken og rettslege skjønn.

Jordskifteretten konstaterer at talet på ikkje avslutta saker har gått ned. Dette skuldast auka kapasitet på dommarsida og færre saker som har kome inn dei tre siste åra. Dette gir håp om at saker kan berammast fortløpande utan særleg ventetid, heiter det i årsmeldinga.

Powered by Labrador CMS