nyhende
«Avsløringa» del 5 – 6
Denne følgjetongen er skriven av Sigurd Tveit, og blei første gong presentert i Vestavind i 1996. Historia handlar om Asbjørn Kritlet som ein dag får ti millionar rett i fanget, og som til slutt endar opp med å gje bort heile beløpet til Sveio kommune.
Dei ti millionane stod nå vel bevart i eit brannsikkert kvelv, som Asbjørn hadde bygd i samband med nybygget sitt. Det brannsikre skapet stod på kontoret hans, og det hyste mange andre dokument, som tolte dagens lys. Asbjørn brukte halvanna million av si kontante formue i det brannsikre kvelv. Men nå spekulerte han i aksjar, og det gjekk bra. Ja, så bra gjekk det at tusenar og tusenar vart lagt til side, og om ikkje så lenge hadde han betalt attende det han hadde lånt av dei ti millionane. For målet hans hadde alltid vore å betala attende desse pengane, korleis det nå skulle skje. Og denne tanken plaga Asbjørn dag og natt, og den forsterka seg etter kvart som åra gjekk. Det måtte dei også gjera, for Asbjørn var runnen av ei ærleg rot. Men korleis skulle han gå fram, utan at han kom i søkjelyset sjølv?
Ei tid sysla han med tanken om å gå direkte til politiet, og fortelja alt som det var, utan å skjula noko. Han rekna med at han kanskje ville bli mildt handsama av politiet, for faktisk hadde han aldri stole desse pengane, han fekk jo slengt dei rett inn til seg. Men han visste inderleg vel at han var skuldig, og det sa både norsk lov og han eige samvit klart frå om.
Kanskje han kunne få lura pengane inn til kommunen, som ei anonym gåve? Den tanken sysla han med, og den gnog han, dag og natt. Gjorde han det ville det verta ein sensasjon, og avisskriveri om det. Kor kjem desse pengane frå? ville mange spørje. Og han sjølv måtte stilla seg like undrande til det, som alle andre.
Det vart likevel til det at kommunen skulle få pengane. Det skulle ikkje knyte seg noko vilkår til gåva, men eit ønskje om at fem millionar skulle gå til ny golfbane, og fem millionar skulle vere til forprosjekt når Førde skulle bli kommunesenteret.
Asbjørn pakka dei hundre pakkane med tusenkronesetlar ned i ei fin, ny koffert, med lås på. Så gjorde han seg ærend i kommunehuset for å studera rytmen i administrasjonen. Og om ikkje lenge kunne han den. Kommunestyresalen vart ikkje låst når staben gjekk derfrå om kvelden. Det vart derimot gatedøra, men det skulle falla lett å låsa opp den med ein annan nøkkel.
Og Asbjørn undra seg i sitt stille sinn medan han la sin slagplan, fordi han måtte gjera nett som tjuvane. Skilnaden var at tjuvane kom for å stela, medan han kom der for å gi bort si store formue. Og han skalv litt med tanken på det rabalderet det skulle bli når det kom for ein dag.
Ei mørk haustnatt, dagen før kommunestyret skulle ha møte, fór ein svartkledd mann som ein skugge mot kommunehuset. Kofferten var godt pakka, men han hadde alltid brukt hanskar på den, slik at ingen skulle kunna finna noko fingeravtrykk. Det var enkelt å dirka opp inngangsdøra, og utan noko lys fann han fram til kommunestyresalen, og plasserte kofferten på ordføraren sin plass. Og like stilt gjekk han ut, og fekk døra i lås med ein av sine mange nøklar.
Det var spenning og stilla då ordføraren i Sveio klubba for kommunestyremøte. Framføre han på bordet låg ein koffert, og ordføraren låste han opp i stor spaning. Deretter bad han representantane koma fram for å betrakta gåva kommunen hadde fått.