nyhende
«Avsløringa» del 4 – 6
Denne følgjetongen er skriven av Sigurd Tveit, og blei første gong presentert i Vestavind i 1996. Historia handlar om Asbjørn Kritlet som ein dag får ti millionar rett i fanget, og som til slutt endar opp med å gje bort heile beløpet til Sveio kommune.
Dagen etter hendinga med pengesekken brukte Asbjørn til å pakka saman sakene sine. Studiet var ferdig, eksamenspapira var gode, og han hadde ingenting anna å gjere enn å reisa attende heim til Sveio.
Men det var ikkje så enkelt å pakka i dag, som det elles hadde vore før. Til vanleg reiser ikkje folk rundt omkring med ti millionar i kofferten. Han hadde berre to vanlege store koffertar, og det fyrste han gjorde var å gå på byen og kjøpa seg ein. Det var ein stor og dyr koffert, men prisen gjorde ikkje så mykje, sjølv om han betalte med sine eigne pengar.
På heimvegen trefte han ein studiekamerat, som ville vita om han skulle flytta inn i den store kofferten. Heldigvis trefte han ingen andre. Asbjørn tenkte vel og lenge på korleis han skulle få det farlege reisegodset han hadde å pakka. Fyrst tenkte han å plassera heile formuen i ein koffert, men endra på det, for kofferten ville kanskje verta mista. Til slutt bestemte han at han ville fordela pengesetlane i kvar koffert, og så fekk han vona at lukka ville stå han bi, for det trong han verkeleg nå.
Då det leid mot kveld leverte han nøkkelen til leilegheita til vertinna, og takka for den gode hybelen han hadde hatt. Så tok han drosje til sentralbanestasjonen, for han ville reisa med banen heim. Han var redd for å reisa med fly, for det var så mange kontrollar der. Han skalv og var redd at nokon skulle vera interessert i koffertane hans, men det var ingen som gav gaum på dei, på natt-toget til Stavanger. Og heile heimreisa vart som ein draum. Alt klaffa, og ingen var det som ville sjå nærare på Asbjørn.
Då han kom fram til Haugesund med bybussen frå Stavanger, tok han inn på hotell. Han hadde nemleg eit viktig ærend å gjera i byen, og det var å kjøpa eit brannsikkert skap. For å greia dette måtte han ta nokon tusenlappar or ei pengebunke, og det var dei første pengane han tok av formua si. For ikkje å vekke mistanke pruta han med skapseljaren, og fekk skapet ned med tusen kroner. Han skriv og under leigekontrakt etter at han hadde betalt 3000 kroner kontant. Ingen skulle kome til å seie at han strødde rundt seg med pengar, slik at nokon kunne finne på å mistenkja han for noko.
Klokka ti om kvelden kom ein varedrosje til hotellet. Den var bestilt til denne tida med hensikt, for nå tok den lyse sommarkvelden til å skymra. Til Kritlet var det ikkje bilveg fram anna enn om lag fire hundre meter. Her til køyrde drosjen, og då sette han av Asbjørn og bagasjen hans der.
Faren hadde fått beskjed om å koma her til med hest og kjerre i halv tolv-tida. Slik fekk Asbjørn i fred og ro stabla millionane over i pengeskapet, og det måtte gjerast smart. Han pakka febrilsk ut dei mange buntane med setlar, samstundes som han var på vakt dersom det skulle koma nokon. Sveitten rann av han i den varme sommarkvelden.
Men det kom ingen utanom han som skulle koma, og lenge før faren var framme høyrde han «skaldringa» av kjerrehjula. Dei handhelsa på kvarandre og då nemnde far hans at han var så varm og såg så forfjamsa ut. Det har vel ikkje skjedd noko gale under eksamen vel? undrast faren.
Men Asbjørn forsikra at alt hadde gått bra, svært bra, understreka han. Og då far hans spurde kva han skulle med dette pengeskapet, kunne Asbjørn roa han med at det var vanleg at studentane å kjøpa pengeskap, til å leggja dei dyrebare eksamenspapira i. Det var ei forklaring som far hans godtok og forstod.
Og då natta steig på var pengeskapet med millionane i, kome seg trygt opp på lemen i stova på Kritlet. Asbjørn kunne endeleg slappa av, etter ei dramatisk heimreise. Han var utan mistanke, og nå gjaldt det om å forvalta sitt pund rett. Men fleire gonger vakna han denne natta og då var han gjennomvåt av sveitte.