nyhende

pengekoffert

«Avsløringa» – del 2 av 6

Denne følgjetongen er skriven av Sigurd Tveit, og blei første gong presentert i Vestavind i 1996. Historia handlar om Asbjørn Kritlet som ein dag får ti millionar rett i fanget, og som til slutt endar opp med å gje bort heile beløpet til Sveio kommune.

Publisert Sist oppdatert

Torhild og Anton Kritlet var tidleg blitt samde om at sonen Asbjørn skulle få ei skikkeleg utdanning. Så snart han var ferdig med ungdomsskulen, fekk han plass i den vidaregåande skulen i Haugesund, og då han var ferdig der fekk han plass ved universitetet i Oslo, og her tok han fatt på jussen. Han fekk seg ein liten hybel i Oslo sentrum. Det gjaldt om å spara pengar frå først av, for heime på Kritlet veks dei just ikkje på tre. Det var difor om å gjera å få så lite studielån som han kunne klara seg med, og denne sparemåten var han godt van med heimefrå.

I Oslo vart han kjent med mange. Først og fremst med klassekameratane, men etter kvart vart han og kjend med mange gjengar som ferdast på gata. Fleire av desse gjengane fann vegen til hybelen hans, utan at han nokonsinne hadde bede om slikt besøk. Og når sant skal seiast likte han desse besøka svært dårleg. Dei tok seg til rette både med mat og drikke, og sterke drinkar hadde dei med seg sjølve.

Asbjørn skjøna snart at fleire av dei var stoffmisbrukarar, og fleire gonger gjennom hans studietid hadde dei sovna inn på hybelen hans, og grisa til. Når han trefte dei att bad han dei om å vere så snille å ikkje besøka han.

Ein gong truga han med politi, men det gjorde han ikkje opp att. For då fekk han vita at livet hans ikkje var verdt ei sur sild, så den tanken skrinla han. Ein gong hende det at to av dei verste i gjengen vart tekne av politiet. Då frykta Asbjørn for at resten av gjengen ville skulda han for det, men før dei kom så langt hadde dei avstraffa ein annan student.

På grunn av alt bråket med desse gjengane vart det dårleg tid til å lesa på hybelen. Men nå var han komen til siste studieår, og for å få ein skikkeleg eksamen vart han nøydd til å sitje oppe til langt på natt for å lesa.

Av og til fekk han brev heimefrå. I brevet låg det oftast ein hundrekroning, og kvar krone kom vel med i hushaldet hans. Foreldra skreiv at dei var kry over at det snart skulle bli ein sakførar, som var fødd og oppvaksen på Kritlet.

Asbjørn var trass alt heldig då eksamenstida nærma seg med raske skritt. Han fekk fred for besøk av gjengen, og fekk lesa i fred. Den eine epistelen etter den andre i læreboka blei pugga og lese til den stod fast. Paragrafar på rekkje og rad vart gjennomgått gong på gong. For her måtte det ikkje finnast noko slinger i valsen. Han visste ikkje kva han kom opp i til eksamen, difor måtte han vere budd på litt av kvart.

Men kor var gjengen hans vorten av? Dei var som seinka i jorda, og takk og lov for det. Når han trefte kjende på gata var det alltid ein eller annan som kunne fortelje at noko var på gong. Kva dette var for noko ville ingen ut med, men rykta gjekk om at dei to frå banden som var tekne og sett i fengsel, skulle hentast ut. Store ting var i gjære, heitte det frå gata sitt parlament.

Våren med all sin sjarm var komen til Oslo. På universitetet heldt studentane det gåande kvar dag med ein eller annan eksamen. Med Asbjørn gjekk det godt. Sjølv om han ikkje visst så mykje om karakterane følte han at det gjekk rette vegen. Og ein fin vårkveld sat han med resultata i hendene og gledde seg. Det var lummert på hybelen og døra stod ope. Me eitt høyrde han bråk frå gata og bråk frå springande føter. Og før Asbjørn skjøna kva som skjedde vart ein sekk halvfull av eit eller anna slengd inn i rommet hans. Like etter høyrde han politibilen som fór gatelangs med skingrande sirener.

Sigurd Tveit (1909-1997) har skrive mange artiklar som omhandlar lokalhistorie i Sveio. Denne historia derimot er er bygd på fri fantasi.
Powered by Labrador CMS