nyhende

pengekoffert

Avsløringa – del 1 av 6

Denne følgjetongen som er i seks delar, er skriven av Sigurd Tveit, og blei første gong presentert i Vestavind i 1996. Historia handlar om Asbjørn Kritlet som ein dag får ti millionar rett i fanget, og som til slutt endar opp med å gje bort heile beløpet til Sveio kommune.

Publisert Sist oppdatert

Det var ikkje mange i bygda som hadde noko å utsetja på Asbjørn Kritlet. Dertil var han for suveren, og høgt heva over baktale. Men derimot var det mange i bygda som var kry på bygda sine vegner for at det fantst ein slik mann innafor bygdegrensene. Asbjørn Kritlet var ein ung, velutdanna forretningsmann i bygda. Kva slag forretningar han dreiv var det få som visste, for han dreiv ikkje ein vanleg nærbutikk. Men folk visste at han var både kommisjonær og konsulent. Og når ein ting skulle setjast i verk gjekk gjerne dei som skulle starta med noko til Asbjørn og fekk råd og rettleiing til prosjektet sitt.

Asbjørn skaffa dei også langsiktige og gode lån, og det hende titt og ofte at dersom ein forretningsdrivande var i pengemangel, fekk dei lån direkte av Asbjørn, mot pant i det eine eller det andre. Og renta var heller ikkje av dei billegaste, men lånet kom ofte som ei krisehjelp for mange.

Asbjørn Kritlet var fødd på garden Kritlet. Det er eit nokså vanskeleg namn å skjøna, men det kom seg av at garden var full av småhaugar med tett lauvskog på. Den var vanskeleg å driva og vart heller aldri nokon stor gard. Her veks Asbjørn opp som sistemann i ein barneflokk på tre. Dei to andre søskena tok seg vanleg arbeid, og arbeidde seg fram som fagfolk på sine fag. Men Asbjørn hadde alltid hatt godt hovud så han fekk ei utdanning himmelhøgt over dei fleste. Då han slo seg til i bygda var han blitt sakførar, eller advokat, som han ønskte å titulera seg med.

Då han kom heim att til bygda flytta han sjølvsagt ikkje til Kritlet, der mor og far budde på sine gamle dagar. Kritlet var på ingen måte eit standsmessig hus for ein advokat. Asbjørn kjøpte seg ei tomt ikkje så langt frå sentrum, og søkte om å få byggje hus på den.

Då fekk bygningsråd og jordstyre vanskelege dagar. For tomta til Asbjørn låg på ein grunn det var byggjeforbod på. Dei kunne sjølvsagt, med lova i hand, nekta han å byggja, og mange i nemndene var det som klødde i fingrane etter å gjera det. Då Asbjørn høyrde det, rasla han med Norges Lover, og truga med rettssak. Og det enda med at han fekk byggjeløyve, samstundes som ein annan tomteeigar, like ved, fekk avslag.

Det huset Asbjørn bygde, var ikkje eit vanleg bustadhus. Det var teikna av eit stort arkitektfirma i Oslo, og berre teikningen kosta uhorveleg med pengar. Og under ein million kunne nok ingen byggja dette huset, endå det var stor konkurranse om å få føra det opp. Dei som fekk anbodet om å byggja det, let vel om at alt gjekk greitt, sjølv om byggherren oftast var bortreist medan arbeidet pågjekk. Pengane fekk dei kontant i klypa, og då arbeidet var ferdig fekk byggmeisteren ein klatt på kjøpet for vel utført arbeid på 100.000 kroner.

Så flytta Asbjørn inn og etablerte seg som konsulent i både det eine og det andre. I flott kontorlokale kunne kundane slappa av i djupe lenestolar, og leggje fram sine hjartesukk, når det gjaldt pengar og forretningsverksemd. Og før nokon rett skjøna det, var den vesle guten frå Kritlet med eitt ein av dei mektigast menn i bygda. Og bygda var, som nemnd kry fordi den husa ein slik kakse. Det var kjekt å ha, tykte alle.

Sigurd Tveit (1909-1997) har skrive mange artiklar som omhandlar lokalhistorie i Sveio. Denne historia derimot er er bygd på fri fantasi.
Powered by Labrador CMS