nyhende

Fekk ikkje kontakt med kursarrangøren:

Catering Spesialisten ville ikkje risikera at kursdeltakarar skulle koma til tomt hus i Førde.
Catering Spesialisten ville ikkje risikera at kursdeltakarar skulle koma til tomt hus i Førde.

Avlyste båtførarkurs i Førde

Kursarrangøren Waypoint Maritme møtte ikkje opp til eit annonsert båtførarkurs på Husnes i august. Det har fått konsekvensar for eit tilsvarande kurs som var planlagt i Førde.

Publisert Sist oppdatert

Waypoint Maritime, med kontoradresse i Bergen, skulle hatt eit  båtførarkurs i Kaien AS sine lokale i morgon tysdag.

Før helga valde Catering Spesialisten, som driftar Kaien, å avlysa dette kurset fordi dei ikkje fekk kontakt med nokon representant for kursarrangøren.

Usikre etter avisoppslag

Det har den siste tida vore fleire avisoppslag om at Waypoint Maritime ikkje har møtt opp til annonserte kurs. Det skal mellom anna ha skjedd på Husnes 20. august. Dette blei først omtalt i Kvinnheringen, seinare også i Haugesunds Avis.

– Etter å ha sett desse avisoppslaga prøvde me å få tak i Waypoint Maritime, men fekk ikkje kontakt, fortel Frida Jepsen i Catering Spesialisten.

Då dei ikkje fekk noko form for respons, valde Catering Spesialisten å avlysa heile avtalen med Waypoint Maritime for ikkje å risikera at historia frå Husnes skulle gjenta seg i Førde. Dei la ei melding om dette ut på Facebook og understreka samstundes at dei berre var utleigar av lokalet, ikkje medarrangør eller ansvarleg for sjølve kurset.

Skulda på sjukdom

– Etter at me la ut denne meldinga, ringde dagleg leiar i Waypoint Maritime, Sondre Gangdal. Han forklarte at sjukdom blant dei tilsette var årsak til at dei ikkje hadde svart på telefon, fortel Jepsen.

Gangdal stadfestar dette overfor Vestavind.

– Det kan godt henda dei ikkje fekk tak i oss. Me er eit lite firma. Eg er den som til vanleg svarar på telefon, men på grunn av mykje sjukefråvær har eg også vore mykje ute for å halda kurs i staden for å vera på kontoret, seier han.

Når det gjeld det som skjedde på Husnes, hevdar Gangdal at dette var eit eingongstilfelle.

– Me tok rett og slett feil av datoen. Det har me beklaga, og alle påmelde har fått pengane tilbake og tilbod om nytt kurs, seier han.

Flytta til Aksdal

Gangdal har merka seg at det har kome mykje kritikk mot firmaet hans etter avisoppslaga, men hevdar likevel at dei stort sett har nøgde kundar over heile landet.

Når det gjeld det planlagde kurset i Førde, opplyser Gangdal at dette er flytta til Aksdal Inn Motell i Aksdal og blir gjennomført som planlagt tysdag. Ingen av dei ni påmelde deltakarane har trekt seg på grunn av flyttinga av kursstad, seier Gangdal, som er kritisk til Catering Spesialisten sin handlemåte.

Ved Aksdal Inn Motell får Vestavind stadfesta at det er bestilt lokale til kurset hos dei. Waypoint Maritime arrangerte også båtførarkurs med rundt 20 deltakarar i Førde i vår. Då gjekk alt som avtalt, fortel Jepsen i Catering Spesialisten.

Powered by Labrador CMS