nyhende

Politivedtekta som tok til å gjelda i oktober 2018, seier eigentleg at barn under 15 år ikkje kan vera på offentlege arrangement utan foreldre eller føresette – slik som Sveiomarknaden. Dette vil Sveio kommune rydda opp i.
ARKIVFOTO

Avlyser den tradisjonsrike junimarknaden

Den tradisjonsrike Sveiomarknaden er avlyst som følge av koronapandemien.

Publisert Sist oppdatert

Marknaden skulle etter planen vore arrangert 5. og 6. juni. Koronarestriksjonane og den generelle utviklinga er årsaka til at arrangøren har vald å avlysa.

– Det er sjølvsagt trist å måtta ta ei slik avgjerd, men slik situasjonen er no, ser det ikkje ut for at me kan ha fleire tusen inne på eit område. Me har difor landa på at me vil utsetja marknaden til neste år. Det fortel leiar i Sveio skulekorps, Ranveig Anette Hegerland.

Sveio skulekorps står som arrangør av Sveiomarknaden. Ein viktig motivator er at det frivillige arbeidet sikrar korpset pengar til drift. Biletet er frå desember 2020.

Sveiomarknaden, som frå starten blei kalla Sveiodagane, har tradisjonar meir enn 30 år tilbake i tid, og besøkstala ligg på rundt 5000. Sveio skulekorps står bak arrangementet som er tufta på frivillige korpsforeldre.

Jubileum og marknad

Alt i haust byrja marknadskomitéen å jobba med Sveiomarknaden, og dato blei sett. Men sidan alt var så uvisst blei det meste sett på vent. Då nyttår kom viste det seg at heller ikkje då var situasjonen avklart.

– Me lovar å koma sterkare tilbake i 2022. Det blir også eit merkeår for Sveio skulekorps som då kan feira 60-årsjubileum, fortel Hegerland.

Opptur med «Let Loose»

Nedstenginga i fjor førte til at mange av aktivitetane i skulekorpset har blitt skrinlagde. Etter å ha delteke i 17. mai-toget, blei det ein lang pause.

– I desember var musikantane våre i kommunestyresalen og spela inn Blåsemafian sin MGP-låt «Let Loose», kvar for oss, og samla. Dette var inspirerande, særleg fordi vår eigen Stig Espen Hundsnes i Blåsemafian er tidlegare musikant i Sveio, fortel Hegerland.

Powered by Labrador CMS