nyhende

Båtbransjeforbundet Norboat oppmodar folk om å sikra båtane sine godt mot tjuveri.
Båtbransjeforbundet Norboat oppmodar folk om å sikra båtane sine godt mot tjuveri.

Auke i båttjuveri

Ei undersøking Norstat har gjort for eit forsikringsselskap viser at stadig fleire nordmenn opplever tjuveri av eller i frå båten sin. – Vanskeleg å sikra seg 100 prosent mot tjuveri, seier båtbransjeforbundet Norboat.

Publisert Sist oppdatert

Forsikringsselskapet Frende bestilte ei undersøking av korleis båteigarar sikrar båtane sine i vinterhalvåret. Svaret dei fekk viser at det har vore ei auke i tjuveri av eller i frå båtar, i dei seks første månadane i 2023.

Auke i tjuveri

Totalt kosta det norske båteigarar 38 millionar kroner det første halvåret, og utbetalingane frå forsikring auka med nesten 50 prosent i same periode.

Av dei som hadde opplevd tjuveri og svara på undersøkinga var talet 15 prosent. Det er ikkje båtbransjeforbundet nøgd med.

– 15 prosent er 15 prosent for mykje, seier Thomas Nicolai Bjønness i Norboat.

Langs norskekysten er det ein stor forskjell i storleik og verdi av båtane, men dei bør alle sikrast best mogeleg meiner han.

– Sikring må sjåast i samanheng med storleik og kva type båt. Mindre båtar som lett kan stelast stelast bør sikrast med kjetting eller tilsvarande låsesystem. Men, viss nokon vil stela båten din er det vanskeleg å sikra seg 100 prosent mot tjuveri, seier Bjønness.

Håpar talet går ned

Han synest likevel ein bør gjera ein innsats. Proffe bandar vert ikkje stansa av slikt, men det kan hindra dei mindre erfarne eller dei som stel på impuls.

Frende oppmodar no alle båteigarar om å sikra båtane godt når de skal på vinterlagring.

– Me er spente på korleis tjuveritala vert i år, for auka første halvår var stor. Eg trur talet tjuveri vil gå ned viss alle er flinke til å sikra båtane sine, seier selskapet i ei pressemelding.

Powered by Labrador CMS