– Me er glade for at ramma blir auka, seier fylkesordførar Jon Askeland, som har søknader for 34 millionar kroner som ein ikkje har pengar til. Landbruksministeren varslar større tilskot til investeringar i landbruket og meir til Vestland.
I eit brev til Vestland fylkeskommune signaliserer landbruks- og matminister Olaug Bollestad at ramma til investerings- og bedriftsutviklingsmidlar (IBU) på landsbasis vil bli auka med 30 millionar til 664,5 millionar kroner neste år. Brevet er svar på førespurnad frå fylkesordføraren om meir pengar grunna stor investeringslyst hos bøndene i fylket, skriv Vestland fylkeskommune på nettstaden sin.
– Vestland er eit viktig landbruksfylke, der landbruket har mykje å seie for sysselsetting og busetnad. Det er bakgrunnen for at ein relativt stor del av IBU-ramma blir tildelt Vestland, skriv landbruksministeren i brevet til fylkeskommunen.