nyhende
Fleire er vaksinerte enn oversikta viser:
Aukar på med vaksinering – startar på ny gruppe denne veka
I Sveio skal det etter planen setjast totalt 168 koronavaksinar denne og neste veke.
– Etter denne veka er me ferdige med dose 2 for alle på omsorgssenteret som ønskja. Denne veka startar me også vaksinering for gruppa mellom 75 og 84 år, opplyser kommunalsjef helse og omsorg i Sveio, Ingrunn Toft.
Sveio kommune får vaksinane onsdagar, og vaksinerar fast kvar torsdag.
På nivå med nabokommunane
Under Folkehelseinstituttet si vaksineoversikt, kan det tolkast slik at Sveio ligg langt bak i forhold til nabokommunane. Ifølgje Toft skuldast dette forseinking i registrering.
– Me er heilt på nivå med dei andre kommunane rundt oss, me har sett alle dosane me har fått – men me har hatt utfordringar med sjølve registreringa på grunn av dataprogrammet. Dette er no løyst, og registreringane er gjort. Desse tala vil snart vera tilgjengelege, forsikrar ho.
Vaksinering i Sveio
| Tal hetteglas | Dosar | 1. dose | 2. dose | |
| Veke 1 | 3 | 17 | 17 | |
| Veke 2 | 6 | 30 | 30 | |
| Veke 3 | 1 | 6 | 6 | |
| Veke 4 | 9 | 53 | 36 | 17 |
| Planen for denne og neste veke: | ||||
| Veke 5 | 16 | 96 | 66 | 30 |
| Veke 6 | 12 | 72 | 66 | 6 |