nyhende
Åtvarar mot oppsøkande handverkarar – eldre er særleg utsette
Omreisande handverkarar er nesten like sikre vårteikn som hestehoven, men langt frå så hyggelege. A-krimsenteret i Stavanger frårår innbyggerane å inngå avtale via dørsal. Særleg eldre menneske i einebustadar er utsette.
Årleg blir bustadeigarar og sameige oppsøkt av useriøse handverkarar som tilbyr sine tenester på døra eller via flygeblad i postkassane. Aktørane har gjerne ein allsidig portefølje, og kan tilby alt frå utvendig husvask, til renovering og fasadearbeid – gjerne mot forskotssbetaling. No har a-krimsenteret i Stavanger fått tips om at dei har oppsøkt huseigarar fleire stadar i distriktet, skriv dei i ei pressemelding.
Samarbeidet i a-krimsenteret i Stavanger har ført til at politiet har oppretta saker mot fleire personar, seier Kristina Valberg Håland, ny senterleiar for a-krimsenteret i Stavanger.
Ofte sympatiske og tillitvekkande
– Handverkarane kan verka både sympatiske og tillitvekkande, men det er viktig å vera klar over at dette sannsynlegvis er useriøse aktørar som ikke har nødvendig fagkunnskap, og som bevisst unndrar skatt og avgift, samt utnyttar arbeidstakarar, legg Valberg Håland til.
Aktørene utfører primært arbeid ute, og er vanligvis mest aktive om våren og sommaren. Kriminaliteten finn stad ulike stader i landet og dreiar seg om bedragerier, svart arbeid, truande åtferd overfor kundar og kvitvasking.
A-krimsenteret i Stavanger erfarer at dei oppsøkende hdndverkarane gjerne kartlegg område i forkant. Slik veit dei kva for bustadar som er attraktive. Særlig eldre menneske i einebustader er utsette.
Finn stadig nye «feil»
– Kundane har ofte ikkje reell moglegheit til å reklamera og eventuelt få utbetra dårleg utført arbeid. Avtalar om utføring av slike tenester kan dermed bli veldig kostbart, sier senterleiaren.
Oppdraga startar gjerne i det små, men utviklar seg raskt til å bli meir omfattande undervegs. Så snart arbeidarane har sett i gong med jobben, oppdagar dei plutseleg andre alvorlege «feil» som dei sterkt oppfordrar deg til å utbetra.
Det som starta som eit tilbod om å gjera ein jobb for 10.000-20.000 kroner, kan enda opp med at du må punga ut med hundretusenvis av kroner, og sit igjen med ein dårlig eller ikkje ferdigstilt jobb, og i tillegg null reklamasjonsrettar.
Ta en bakgrunnssjekk
Dersom du trenger hjelp til små oppdrag hjemme eller på hytta, anbefaler a-krimsenteret i Stavanger alltid ein sjekk av verksemda du vurderer før du inngår skriftleg avtale.
– Me anbefaler at du sjekkar om firmaet er registrert i Brønnøysundregistrene. Her kan du også sjå om dei er registrert i Merverdiavgiftsregisteret. Få eit skriftleg tilbod på arbeidet, avtal pris på førehand, og be gjerne om referansar, seier Valberg Håland.
Observerer du oppsøkande handverkarar i ditt nabolag, ønsker a-krimsenteret tips om dette. Tips kan sendast til akrim.rogaland@politiet.no.