nyhende
Åtvarar mot funn i sjø: — Den kjem veldig brått på
Finn Mortvedt var ute på tur i båt ved Flatøy, like nord for Eltravågen, tysdag ettermiddag. Der oppdaga han noko faretruande i sjøen.
— Det ligg ein plastslange der, 30-40 meter langt, og minst fire-fem tommar i diameter, fortel han.
Slangen ligg på vestida av Flatøy. Ifølgje Mortvedt kjem den store plastslangen brått på, og er redd for at sjøfarande kan gå rett på den.
Han fortel at han har forsøkt å varsle Sveio kommune om saka.
— Men der stenger jo sentralbordet klokka 13, så då ver eg jo like langt, seier han.
Han ringte difor til lokalavisa.
Kystverket tek i mot meldingar
Det er Kystverket si avdeling for hav- og kystovervaking i Vardø som har ansvar som tek i mot denne type meldingar.
Der seier sjøtrafikksentralsjef Ståle Sveinungsen på generelt grunnlag at folk som kommer over farar i farleia bør kontakte Kystverket. Dei kan varslast heile døgnet (sjå faktaboks).
— Når ei melding kjem inn blir denne vurdert opp mot kor faren er, og i kva grad det er snakk om ei trafikkert lei, opplyser han.
Dei sender også ut navigasjonsvarsel til skip som trafikkerer i den aktuelle leia.
Kan vere kommunen sitt ansvar
Han legg til at om det er snakk om objekt som driv i sjø, så er det Kystverket sitt ansvar. Men ligg objektet landfast, så er det kommunen sitt ansvar.
— I nokre tilfelle inngår vi avtalar med dei som er ved objektet, om at dei kan ta seg av det, og då får dei eit økonomisk oppgjer for det, fortel han.
I dei fleste tilfelle blir faren tatt med til ei kommunal kai, så ordnar Kystverket med transport vidare til nærmaste gjenvinningsstasjon for destruksjon.
Kva som skjer vidare med meldinga frå Sveio er førebels uklart, men meldar er sett i kontakt med vakthavande i Kystverket si meldingsteneste.