nyhende

Åtvarar båtfolk om hamnespy

Skal du vera mykje på sjøen i sumar? Dette bør du gjera dersom du får augo på den svartelista arten hamnespy.

Publisert Sist oppdatert

Det vert regelmessig åtvara om den ekspanderande sjøarten hamnespy.

Dette er ein framand art som legg seg som store teppe på havbotn og fortrengjer andre artar. Hamnespy formeirar seg raskt og spreier seg over store område via skips- og båttrafikk, fiskeutstyr og liknande. Spreiing av arten kan få alvorlege konsekvensar for norske kystområde og marine næringar.

Her til lands vart hamnespy fyrst oppdaga i Engøysundet (Stavanger) i 2020. Kring 50 prosent av havbotnen i Engøysundet er no dekt med hamnespy.

Dette må du gjera

Miljødirektoratet oppmodar alle som skal ut på sjøen i sumar om å reingjera og sjekka båten og fiskeutstyret jamleg. Ein kan òg smørja båten med antifouling-måling før ein set han ut på sjøen.

Dersom ein legg merke til at båten eller fiskeutstyret har fått hamnespy på seg, kan ein fjerna det ved å setja utstyret på land i ei veke, slik at hamnespyet turkar inn og døyr. Ein kan òg spyla sjøutstyret/båten og skrapa hamnespyet bort. Deretter kan ein setja båten og utstyret i ferskvatn i minst seks timar. Ved spyling må ein passa på at vatnet ikkje renn ut i sjøen.

Korleis veit ein at det er hamnespy?

Utsjånaden er karakteristisk. Hamnespy er eit såkalla sekkdyr, men meir ru på overflata enn sekkdyr flest. Arten er beige-oransje på farge og veks som ei matte på steinar, berg, tau, brygger og anna.

I tillegg har hamnespy stjerneforma opningar som er synlege under vatn, årenett og store porer.

Powered by Labrador CMS