nyhende

Åtteåringar fann forlatne kattungar: – Gjer meg rasande

To hjelpsame åtte år gamle gutar på kvar sin sykkel oppdaga onsdag morgon ein forlaten kattefamilie. Ei mor og tre born hoppa svoltne fram frå buskane. – Dei skjønner ikkje korleis nokon kan gjera noko slikt, seier mora til ein av gutane.

Publisert Sist oppdatert

Tal om Sveio frå Dyrebeskyttelsen

Dyrebeskyttelsen Noreg, avdeling Haugaland, pr dags dato inne:

– 48 dyr i frå Sveio
– 250 dyr frå Haugalandet

I løpet av 2022 vart tala slik:
– 62 dyr i frå Sveio
– 402 frå Haugalandet

Onsdag morgon syklar to gutar langs sykkelstien mellom Krossleite og Tveit. Ut i frå buskane hoppar plutseleg ei lita kattemor saman med tre små kattungar. Det er ingen eigarar å sjå, og omkring dei ligg berre boss. Gutane forstår raskt kvifor. Kattane vart forlatne med vilje.



– Dei vart ganske sinte. Me har kattar sjølv, og kameraten har hund. Dei er begge glade i dyr og skjønner ikkje korleis nokon kan gjera noko slikt, seier Ann Kristin Hinderlid Helgesen, mor til den eine guten.

Skjer kvar sommar

Ho fekk ein telefon frå guten sin og køyrde bort. På staden fann dei kattemat og teikn på at kattane ikkje hadde vore der lenge.

– Dei har hatt en heim. Dei var korkje skitne eller uvand med folk. Når dei fekk mat glefsa dei over den som om dei ikkje hadde sett mat på lenge, fortel Helgesen.

Ho og den andre mora vart opprørt. Dei er kjend med problematikken at folk sett ut dyr dei ikkje vil ha lengre og at det ofte hender føre sommarferien.

– At folk har ei sånn haldning til dyr gjer meg rasande. Den eine ungen hadde knekt hale. Eg har ikkje ord for sånne mennesker som kan gjera slikt mot forsvarslause dyr, seier ho.

Opp til 25 kattar i veka

Helgesen køyrde heim att, henta eit bur ho kunne frakta dei i medan ho ringte til Dyrebeskyttelsen.

– Dette er noko me ser år etter år etter år dessverre, seier Maren Sund ved Dyrebeskyttelsen Noreg, avdeling Haugaland.

Ho er styremedlem der og jobbar frivillig. No har dei en høgsesong.

– Me tek inn mellom 5 til 25 kattar kvar veke. Det er eit sterkt trykk no, me får forespurnadar frå privatpersonar, bedrifter og kommunar, sukkar ho.

Sund gjev ros til gutane for at dei gjorde noko. Ho oppmodar alle om å gjera det same.

– Viss du ser noko mistenksamt, til dømes nokon som kastar noko ut av ein bil, ta skiltnummeret. Finn du dyr så er det viktig at du fjernar dei frå området og tek kontakt med oss. Ta bilete av kor du fann dei, seier ho.

Styreleiaren seier det gutane gjorde ikkje berre var det moralsk riktige, men at dei handla i tråd med lova.

– Lova om dyrevelferd seier at ein som kjem over eit dyr som er hjelpelaust skal så langt som mogeleg hjelpa dyret, og viss ikkje mogeleg skal politiet eller eigar kontaktast. Det same gjeld mistanke om mishandling av dyr, ein har plikt å kontakta politiet, seier Sund.

— Hald auga opne

Helgesen og gutane fann ikkje noko spor på kven som har forlate kattane der. Ikkje var det chip i dei, og plassen er dessverre ein kjend stad for å kvitta seg med noko.

– Det er typisk at framande bilar har dumpa ting før, til dømes boss. Mange brukar staden som parkering når dei skal på tur til Forevatnet. Me har ofte spurt folk som står der kvifor dei gjer det, seier ho.

Nøyaktig når kattane vart dumpa veit dei heller ikkje. Mannen hennar stod der litt i går kveld før ein handletur til butikken, og korkje såg eller høyrde noko. Klokka ni same morgon som dei var funne haldt kommunen på med kantslått der kattane vart funnen.

– Det må ha skjedd seint den kvelden eller tidleg på morgonen, seier ho.

Problemet har faktisk vorte verre dei siste åra, og Sund meiner ho kan sjå effekten av pandemien.

– Mange fekk seg kjæledyr under corona men dei tok ikkje utgiftene med å chippa eller å sterilisera, seier ho.

Dyrebeskyttelsen håpar alle gjer det dei kan for å hjelpa og held augene opne.

– Det skjer oftast på plassar og tider kor det er få folk, seier Sund.

– Kan ein straffast for å gjera slikt?

– Godt spørsmål. Me har meldt til politiet fleire gonger utan at det har ført noko veg, seier ho oppgitt.

Powered by Labrador CMS