Helse Fonna kom fredag ettermiddag med ei statusoppdatering. No har dei åtte innlagde pasientar med covid-19, alle på Haugesund sjukehus. To av desse får intensivbehandling, står det i ei pressemelding.
Vidare går det fram at det framleis er stort press på mange avdelingar, det er høgt sjukefråvær blant medarbeidarane. Ti utskrivingsklare pasientar som kommunane ikkje klarar å ta imot gir ekstra utfordringar for totalkapasiteten.
Pågang på AMK
Pågangen av pasientar gjennom akuttmottaket er for tida jamt stor, og vi har totalt 30 pasientar inne med smitte som inneber ekstra rutinar (til dømes RS-virus). I tillegg er det generelt fullt belegg, og enkelte avdelingar er overfylte.
Det blir også vurdert å flytte pasientar frå kirurgisk avdeling i Haugesund over til Stord sjukehus for behandling, opplyser Helse Fonna.