nyhende
Åtte av ti nordmenn drakk alkohol i 2023
Åtte av ti nordmenn har drukke alkohol i året som har gått, men alkoholforbruket er svært skeivfordelt.
Det kjem fram i rapporten Alkohol i Noreg frå Folkehelseinstituttet (FHI). Rapporten skildrar alkoholbruken til nordmenn og negative konsekvensar av denne.
Tala viser mellom anna at menn drikk meir og oftare enn kvinner, og at eldre drikk oftare enn yngre. Tre av fire drikk berre i helgene. Høgare utdanningsnivå og høgare inntekt er knytt til høgare drikkefrekvens, men lågare omfang av risikofylt drikking.
– Om lag halvparten av oss drakk seks eller fleire alkoholeiningar ved same høve, minst éin gong i 2023, seier Elin K. Bye, forskar ved FHI.
Den totale andelen nordmenn som drikk gjennom eit år, har halde seg stabil dei siste ti åra. Sjølvrapportert alkoholbruk gjekk ned under pandemien, men ligg no på same nivå som i 2019.
Den tiandedelen som drikk mest står for omlag halvparten av det samla alkoholkonsumet i landet. Alkoholbruk er ein av dei viktigaste risikofaktorane for tap av friske leveår i befolkninga, i tillegg er det årsak til sosiale problem og skadar for andre enn brukaren sjølv.
I rapporten kjem det fram at høge prisar og restriksjonar i tilgjeang er dei mest effektive tiltaka for å dempe alkoholbruken i befolkninga.