nyhende
Astrid (39) legg bak seg eit historisk krevjande år i reiselivsnæringa
Astrid Bergmål (39), oppvaksen på Tveita i Sveio, er ein person mange lyttar til i desse koronatider. Kanskje du har sett henne på tv eller i riksaviser?
Dagleg leiar i Virke Reiseliv, Astrid Bergmål, har hatt eit svært travelt år. Jobben hennar går ut på å arbeida for interessene til medlemmane, og i denne pandemien har det handla mykje om å jobba for krisepakkar som kan sørgja for at bedriftene kan overleva denne vanskelege tida.
– Det har vore eit historisk krevjande år for reiselivsnæringa og mykje å gjera sidan mars 2020. Ingen dag er lik i denne jobben, og dagane blir sjeldan som planlagt, men det er som regel alltid møter med politikarar og reiselivsbedrifter i heile landet. I tillegg stor pågang frå presse og tv, fortel den utflytta sveibuen.
Solid bakgrunn
Ein rask kikk på Astrid sin CV er nok til å bekrefta at det på ingen måte er tilfeldigheiter som har ført til at ho har ein ansvarsfull leiarjobb. Bergmål er utdanna jurist og brukte eit år av studiane i Frankrike, der ho mellom anna jobba med menneskerettigheitar i Europarådet.
Det starta med tillitsverv på vidaregåande i Haugaland AUF. I 2010 blei ho heiltidspolitikar som politisk rådgjevar for Arbeiderpartiets si stortingsgruppe og etter 22. juli 2011 gjekk turen vidare som politisk rådgjevar i Justisdepartementet. Men i september 2018 hoppa ho over til privat næringsliv som leiar i Virke Reiseliv.
– For tida har eg ingen politiske verv, men eg er framleis medlem i Sveio Arbeidarparti, bekreftar Bergmål.
Sveibu i hjarta
I mange år har den utflytta tveitabuen levd av sin kunnskap og kompetanse i hovudstaden, men inst inne er ho sveibu god som nokon.
– Eg gjekk på Førde skule og spelte fotball på Sveio, så eg føler at eg høyrer til både sør og nord i kommunen, fastslår Bergmål.
Folk flest oppfattar henne som både modig og utåtvend, noko som viser seg å stemma.
– Eg er nok ganske utåtvend og sosial. Og så har eg erfart at det er mogleg å få til ting om ein berre gjer ein skikkelig jobb, søker løysingar og vil nok, poengterer Bergmål.
– Kva likar du å gjera på fritida?
– Det har ikkje vore så mykje fritid det siste året, men om eg får tid til å vera med venner så prioriterer eg det.
– Korleis står det til med nordmenn sine ferieplanar i desse koronatider?
– Me ser at det er stor reiselyst! Folk flest har tenkt å bli i Noreg denne sommaren, og at fleire vil reisa til utlandet når hausten kjem. Vestland fylke er feriefavoritt og mange planlegg ein aktiv ferie saman med familie og venner. Me ser også at fleire enn før er opptekne av bærekraftige reisealternativ og at autentiske opplevingar når dei reiser på ferie.
Floke-hyttene set Sveio på kartet
– Kva er ditt drømmereisemål?
– Det er mange stader! Den siste plassen eg reiste før pandemien var Jordan, det var fantastisk, der vil eg tilbake. I tillegg er det mange reisemål i Noreg eg drøymer om, og Flokehyttene ligg høgt oppe på lista over stader eg ser fram til å besøka. Flokehyttene er verkeleg med å setja Sveio på kartet om dagen – det er ein plass mange har lyst å reisa til, fastslår Bergmål.
På spørsmål om det er aktuelt å flytta tilbake til Sveio/Haugalandet svarar ho: – Ein skal aldri sei aldri, men akkurat nå er jobben min i Oslo.