nyhende
Askeskogar hardt ramma av sjukdom – kan forsvinne heilt
Utbrotet av soppsjukdomen askeskotsjuke truar eksistensen til norske askeskogar, ifølgje Norsk institutt for bioforskning. Vestlandet er spesielt hardt ramma.
Soppen infiserer blad og bladstilkar om sommaren, før han veks vidare inn i veden til treet og øydelegg transporten av vatn og næring. Dette fører til at infiserte skot og greiner døyr, og i verste fall heile treet.
Omfattande spreiing
– Det var ingen som hadde venta dette. I Noreg vart sjukdomen først stadfesta i 2008, og etter det har askeskotsjuka spreidd seg til det aller meste av det naturlege utbreiingsområdet til asken, seier forskar Fride Høistad Schei ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibo).
– På Nibio sine overvakingsflater rundt om i landet, vart det registrert ein dødelegheit på mellom 60 og 90 prosent i 2020, og det er få heilt friske asketre igjen. Vi reknar med at dødelegheita kjem til auke i åra som kjem, seier ho.
Høistad Schei er ein av forskarane som i desse dagar gjennomfører eit internt satsingsprosjekt i Nibio for å auke kunnskapen om skjøtsel og presisjonsrestaurering av trua askeskogar.
Få tre med rette gen
– Vi trur faktisk at berre mellom fem- og åtte prosent av asketrea her i landet har dei rette gena, som gjer at dei overlever eit angrep frå soppen. Det spesielle med dette prosjektet er at dei ti forskarane er ekspertar på ulike ting, frå biologigenetikk, økologi, sopp, samfunnsvitskap til teknologiske løysingar for overvaking, seier Høistad Schei.
Ho er sjølv økolog og skal først og fremst sjå på kva ringverknader det får for skogen at asken døyr. Dei startar feltarbeidet i desse dagar med ei samling i den største askeskogen her i landet, Fjugstad naturreservat i Larvik i Vestfold. Dette arbeidet skjer i samarbeid med statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.
– Det spesielle med ask er at treet feller blada sine medan dei enno er grøne. Det betyr at det er mykje næring i dei, og det gjer blada viktige for livet på bakken og i jorda. Og vi veit ikkje kva ringverknader det vil få når asketrea døyr og andre treslag overtek, seier forskaren.
Raudlista import
Fride Høistad Schei fortel at erfaring frå Vestlandet viser at der askeskogen døyr, så etablerer platanlønna seg. Det er eit importtre frå lenger sør i Europa som er på den norske framandlista. Altså artar som styresmaktene helst ikkje vil ha her.
– Dette treet har ein del andre kvalitetar enn ask, og studiar frå England viser at eit slikt treslagskifte kan føre til endringar både i lys og næringsforhold i skogen. og då blir det ei endring for artane som lever i barken. Vi veit enno ikkje så mykje om kva som skjer, men det er heilt klart at platanlønn har ein annan barkstruktur. Og då blir det ei endring for artane som lever i barken, opplyser Nibio-forskaren.
Tidlegare har det vore vanleg at ein i skogforvaltinga at naturen skal følgje sin naturlege dynamikk og gå sin naturlege gang. Men fokuset har endra seg, og det er klart at andre tiltak må til for å stanse tapet av biologisk mangfald. Vi er no inne i FNs restaureringstiår, og forskarane frå NIBIO vil i det nye prosjektet teste ut nye metodar for å restaurere, skjøtte og overvake dei trua askeskogane.
Yggdrasil
Ask har opp gjennom historia hatt ein sterk posisjon her i landet. Sjølv om det er litt usemje om det, er det mykje som tyder på at verdstreet frå den norrøne mytologien, Yggdrasil, var ein ask. Asken blir rekna for å ha dei beste tekniske eigenskapane av dei norske lauvtrea.
Trevirket er hardt, seigt, elastisk og slitesterkt. Det har vore mykje brukt til skipsbygging, men også til ski, hjul og reiskapar. Det har også vore mykje brukt som tuntre og i allear. Frå gammalt av har det også blitt gitt lækjande eigenskapar, der både barken og blada har vore brukte som medisin.
Asken veks først og fremst langs kysten i Sør-Noreg, men det finst spreidde førekomstar heilt opp til Nord-Trøndelag.
(©NPK)