nyhende

Hamnedirektøren på informasjons- og avskjedsmøte i Sveio:

Argumenterte for omgjering til AS

Avtroppande hamnedirektør Tore Gautesen tok måndag avskjed med kommunestyret i Sveio, samstundes som han orienterte politikarane om kvifor Karmsund Hamn IKS ønskjer å bli omgjort til eit aksjeselskap.

Publisert Sist oppdatert

Det vil seia, administrasjonen ønskjer å dela selskapet i to. Karmsund Havn Farvannsforvaltning IKS skal ta hand om lovpålagde forvaltingssaker. Karmsund Havn AS skal overta all kommersiell verksemd, som i dag står for 95 prosent av inntektene. Dersom alle dei seks eigarkommunane godkjenner dette i løpet av våren, kan den nye selskapsstrukturen tre i funksjon frå 1. januar 2025.

Større fleksibilitet

Dersom kommersielle delen av Karmsund Havn blir omgjert til aksjeselskap, treng ikkje kommunane stilla som garantistar for lån til selskapet, og Karmsund Havn kan sjølv gå ut å skaffa lånefinansiering på den opne marknaden mot pant i eigedommar.

– Det er klokt å vera tidleg ute. Då kan me få dei beste avtalane med bankane, sa Gautesen, som trur ESA og norske styresmakter kan koma til å påleggja ei deling av verksemda i alle fall. Det vil ikkje vera like lett å få gode låneavtalar når alle skal ut og henta finansiering i den same marknaden, sa Gautesen.

Han viste også til at mange hamneselskap allereie er omgjorde til aksjeselskap.

Mindre kontroll?

Ein av innvendingane frå tilhøyrarane var at eigarane, altså kommunane, vil missa innverknad over utviklinga i selskapet.

– Det treng ikkje skje, meinte Gautesen.

Som svar på eit anna spørsmål svarte hamnedirektøren at kommuane kan få ein sjanse til å ta ut utbyte frå selskapet dersom Karmsund Havn blir omgjort til aksjeselskap.

Størst i vest

Karmsund Hamn er i dag den største godshamna på Vestlandet. Størstedelen av verksemda er konsentrert om Husøy, Garpeskjær og Killingøy. I tillegg til gods er cruise, olje- og gassverksemd og eigedom veksande forretningsområde. Selskapet samarbeidar med Hydro om eit stort nytt prosjekt på Håvik, og har inngått avtale med Bømlo kommune om vidareutvikling av fiskerihamna som er under bygging i Langevåg.

Powered by Labrador CMS