nyhende
Årets valkamp kosta 342 millionar kroner
Årets valkamp var den dyraste gjennom tidene med ei sluttrekning på 342 millionar kroner, viser ein ny rapport frå Høyskolen Kristiania.
I 2024 og 2025 har partia fått 282 millionar kroner frå eksterne bidragsytarar – ei dobling samanlikna med 2009-valkampen, melder Klassekampen.
– På veg inn i ein ny fase
Når den endelege rekneskapen blir klar, kan totalsummen på pengegåver til partia stige til 342 millionar kroner, anslår rapporten der 23 forskarar har bidrege.
– Eg meiner norsk politikk er på veg over i ein ny fase der pengar speler ei mykje større rolle enn det har gjort tidlegare, seier instituttleiar Ketil Raknes ved Høyskolen Kristiania til Klassekampen.
Han har følgt alle norske valkampar sidan 1997 og peikar på at kostnadsauken lenge følgde prisveksten, men at mønsteret vart brote frå 2013.
– Nesten meiningslaust
Rapporten viser også at eksterne aksjonsgrupper som jobba for borgarleg valsiger, brukte fleire annonsekroner i sosiale medium enn fleire stortingsparti. Fellesaksjonen brukte over 600.000 kroner, medan Aksjon for norsk eigarskap brukte 1,1 millionar på annonsekjøp hos Meta.
– Etter at sosiale medium kom, er forbodet mot politisk TV-reklame nesten meiningslaust, seier Raknes.