nyhende

Me ønsker både sveibuar og nissar ei riktig god jul!
Me ønsker både sveibuar og nissar ei riktig god jul!

Årets siste papiravis nærmar seg

Torsdag kjem årets siste papiravis ut, og me nyttar høvet til både å ønska god jul, minna om fristar og informera.

Publisert Sist oppdatert

Vestavind har hatt ein utfordrande haust bemanningsmessig, og det har kravt ekstra innsats. Heldigvis har me kunna hyra gamleredaktør Irene Flatnes Haldin til å gjera ein del oppgåver, og det har hjelpt godt på.

Sidan det er ikke er papiravis i romjula, ser me fram til kunna pusta ut og setta tempoet litt ned fram mot første avis i 2024. Nettavisa blir oppdatert, men ikkje så hyppig som i vanlege avisveker.

Opningstider

Denne veka er det folk på Vestavind-kontoret til og med torsdag 21. desember. Så har du tenkt å kjøpa Sveioflasko i julegåve eller gje gåveabonnement, må det gjerast før klokka 15.30 torsdag. Du når oss på telefon og e-post 08.00-15.30 fredagen.

Kontoret i Sveiogata 72 brukar å ha lite, om noko, besøk i romjula. Det blir difor heimekontor på Thomas onsdag, torsdag og fredag neste veke, og han er å få fatt i på både telefon 53 74 01 80 og e-post. Redaktøren har faktisk tenkt å avspasera desse dagane.

Fristar og vikar

Frist for helsingar, annonsar og anna til papiravisa denne veka, er klokka 12.00 i dag, tysdag.

Første avis i 2024 kjem torsdag 4. januar. Sidan 1. januar er ein måndag, har me ein arbeidsdag å gjera papiravisa ferdig til sending til trykkeriet. Me set difor stor pris på om alle som skal senda helsingar, skriva lesarinnlegg og ha inn annonsar, held leveringsfristen. Den er som vanleg tysdag klokka 12.00.

Thomas skal allereie første veka i januar ut i pappaperm. Vikar er på plass, og me ser fram til å få Einar Vestvik i redaksjonen ein periode.

Då gjenstår det å ønska alle våre kjære lesarar ei riktig god jul!

Beste helsing
Ellen Marie Hagevik, redaktør og
Thomas Vallestad Drageset, journalist

Powered by Labrador CMS