nyhende

Årets første julemarknad

Tett i tett i gymsalen på den tidlegare Bua skule, var det laurdag mogleg å handla julegåver, veggpryd, brukskunst og mat. Bua kvinne- og familielag var blant dei første som inviterte til julemesse i distriktet.

Publisert Sist oppdatert

– Desember blei litt for travel, så me planla julemessa tidleg i november, slik som i fjor, fortel Torhild Matre, som er ei av drivkreftene bak julemessa og leiar i Bua Kvinne- og familielag.

Produksjon av pynt

På markanden møtter me henne saman med barnebarnet Mathilde M. Aronsen og Hanne Ingebrigtsen, som også er med i kvinne- og familielaget, inne på aktivitetsverkstaden for barn.

Her var det fleire barn, som med litt hjelp fekk sett i gong produksjon av årets første pynt til juletreet.

Helge Reinertsen er 5 år og fekk hjelp av faren Ole Reidar til å knyta saman ein nisse av garn.

–  Gler du deg til jul?

– Eg gler meg aller mest til det skal vera halloween igjen, seier Helge og smiler fint når Vestavind tek bilete.

Lang tradisjon

Torhild Matre fortel at det er det niande eller tiande året dei inviterer lokale utstillarar til å selja handarbeid, kunst, bruksvarer, tupperware og andre julegåver i det gamle skulehuset på Bua.

Tidlegare har også speidarane vore med og hatt bål og servering utandørs, men i år passa det ikkje. Kvinne- og familelaget hadde sjølv inga salbod, men stod for arrangementet, rigging og kafe med gode kaker og nysteikte vaflar.

Flittige utstillarar

Fleire av utstillarane hadde jobba med handarbeid i lang tid fram mot messa, med mellom anna strikk, saum, måleri og nålefilt. Salsborda vitna om mange timar med møysommeleg arbeid.

Solveig Brynjelsen var ei av dei som hadde sydd vesker, merkelappar, dukar og meir i fargerike og dekorative tekstilar.

May Britt Haugland lokka med smaksprøvar på heimelaga krydder, der også råvarene er lokalproduserte. Ramslaukssalt, oregano og chilipulver var blant kryddera.

– Chilien er det einaste eg ikkje har dyrka fram sjølv. Det krev litt meir, så den har eg kjøpt, ellers er krydderet laga av eigne planter, fortel Haugland.

Kom frå Stavanger

Midt mellom alle utstillarane inne i skulehuset var det rigga til med bord for kaffidrøs, slik det høver seg på ein julemarknad. Alvin og Sonja Haga kom frå Stavanger denne dagen spesielt for julemarknaden på Bua saman med bestefaren Nils Kristian Haga frå Tjernagel.

– Me tar turen kvart år for å få med oss dette, seier Alvin.

Julemarknaden på Bua fekk fram førjulsstemninga for både vaksne og born denne laurdagen. Folk fann seg flotte julegåver, eller sette seg ned med noko godt frå kafeen. Borna koste seg med å laga sin eigen julepynt som dei fekk ta med seg heim.

Powered by Labrador CMS