nyhende

Adam Musaev (i raudt) skåra eitt mål då han saman med resten av Sveio-spelarane innkasserte sin sjette siger på sju kampar måndag kveld. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Adam Musaev (i raudt) skåra eitt mål då han saman med resten av Sveio-spelarane innkasserte sin sjette siger på sju kampar måndag kveld.

Årets første bortesiger i boks

Dei har spelt mange jamne kampar på bortebane, og måndag kveld satt også den første bortesigeren for Sveio IL.

Publisert Sist oppdatert

Faktaboks

6. div. fotball, menn

Torvastad-2 – Sveio 1-2 (1-1)

Torvastad kunstgras

Mål: 0-1 Daniel Rommetveit (29 min.) 1-1 Tomas Sletten (36 min.), 1-2 Kjetil Pedersen (70 min.)

Gule kort: Andreas Steinsnes, Torvastad, Alkh Maghomadov og Erik Syned, begge Sveio.

Dommar: Leif Petter Mortveit, Skjold IL

Sveio IL har vore ei frykta heimelag denne sesongen, men på bortebane har det gått meir trått. Men omsider, måndag kveld satt den første bortesigeren for året, då Torvastad-2 vart slått 2-1.

Daniel Rommetveit sendte Sveio i leiinga etter ein knapp halvtime, men heimelaget utlikna berre sju minuttar etterpå.

Innbytar avgjorde kampen

Men matchvinnar for dagen vart innbytar Kjetil Pedersen, som sendte raudtrøyane i leiinga 20 minuttar før slutt, og det vart sigersmålet.

Sveio speler heime neste kamp, det skjer måndag førstkomande. Då er Djerv 1919-3 motstandar. Dette er nest siste heimekamp for sesongen.

Kopervik 2 er seriemeister

Kopervik 2 har allereie vunne avdelinga med sine 14 sigre av 14 mogelege. Dei kunne feire opprykket med sine 6-0-siger over Trott 2 måndag kveld.

Sveio ligg på 6. plass på tabellen etter siger måndag.

Siste kampar:

Torvastad-2 – Sveio 1-2

Kopervik-2 – Trott-2 6-0

Djerv 1919-3 – Falkeid 2-1

Stegaberg-2 – Sauda 0-4

Tabellen:

Powered by Labrador CMS