nyhende

Årets demensaksjon er i gong

Sidan 2000 har har Nasjonalforeningen for folkehelsen hatt ein årleg demensaksjon. Denne veka prøver medlemmene i Einstadbøvoll Helselag å få besøkt så mange hus i Sveio som mogeleg.

Publisert Sist oppdatert

Demensaksjonen er ein informasjons- og innsamlingskampanje der det vert sett fokus på demens og samla inn pengar til demensforsking og demensaktivitetar.

– Hovudfokus no er forsking, men lokallaga kan søka pengar til trivselstiltak i eigen kommune, seier Torun Valen Frøkedal i Einstadbøvoll Helselag.

Eit slik tiltak var Syng med oss på Sveio omsorgssenter i juni. Det vart ein stor suksess med nesten 80 deltakarar, og Valen Frøkedal seier dei har som mål å få til fleire Syng med oss.

– Me er ikkje mange nok bøsseberarar til å rekka over alle hus i Sveio, men me går heile veka for å besøka så mange hus som mogeleg. Om ein ikkje får besøk, kan ein også gje til aksjonen direkte via eit Vipps-nummer me har lagt ut på Facebook-sida til Einstadbøvoll Helselag. Den er open og tilgjengeleg for alle, seier Valen Frøkedal, som håper bøsseberarane blir tatt godt imot.

Powered by Labrador CMS