nyhende

Straumprisane har vore eit aktuelt samtaletema den siste tida. Foto: Paul Kleiven / NTB / NPK
Straumprisane har vore eit aktuelt samtaletema den siste tida.

Årets billigaste straum torsdag

Torsdag blir snittprisen på straum i Aust-Noreg og Sør-Vestlandet liggje på 0,54 kroner per kilowattime (kWh). Det er hittil det lågaste i 2022.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Det viser førebelse tal frå nettsidene til straumbørsen Nord Pool. Den lågaste kWh-prisen torsdag blir mellom klokka 14 og 15 i heile Noreg, då på 0,03 kroner.

– Dei låge prisane i morgon gjeld heile Sør-Noreg, og mange har jo fri på heilagdagen. Det vil nok spele ei rolle. Det har komme litt meir nedbør, men det skulle ikkje ha så mykje å seie for prisane, seier kraftanalytikar John Brottemsmo til E24.

Samtidig er han usikker på akkurat kvifor prisfallet er så stort.

I snitt 0,34 kroner

Ein kilowattime svarer til straumbruk på éin kilowatt over éin time. Ein dusj på ti minutt bruker i snitt rundt 4,5 kWh, men det avheng av temperatur og kor mykje vatn dusjhovudet leverer.

Snittprisen i landet vil torsdag liggje på 0,34 kroner per kWh. Det er 0,62 kroner lågare enn onsdag og 0,07 kroner lågare enn same dag i fjor. Den høgaste døgnprisen på straum torsdag finn vi i Sørvest-Noreg på 0,52 kroner per kWh. Deretter kjem Søraust- og Vest-Noreg med ein døgnpris på 0,51 kroner og Midt- og Nord-Noreg med ein døgnpris på 0,08 kroner.

0,12 kroner i nord

Torsdag blir det høgast straumprisar i Søraust-, Sørvest- og Vest-Noreg. Mellom klokka 21 og 22 vil straumprisen der liggje på 1,38 kroner per kilowattime (kWh). I Midt- og Nord-Noreg blir prisen 0,12 kroner per kWh på sitt høgaste.

I tillegg til spotprisen på straum kjem forbruksavgift (16,69 øre per kWh), avgift til Enova (1 øre per kWh) og eit eventuelt påslag frå straumselskapa. På toppen av det heile blir det lagd ei meirverdiavgift på 25 prosent, og etter det kjem nettleige. I Nordland, Troms og Finnmark er det inga meirverdiavgift på straum, og i Finnmark og Nord-Troms slepper ein også å betale forbruksavgifta.

Tysdag var maks- og minstepris i landet på høvesvis 1,86 og 0,03 kroner per kWh. Same dag i fjor var han på 0,55 og 0,20 kroner per kWh.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS