nyhende
Arbeidsløysa er stabil låg
I august var arbeidsløysa i Sunnhordland til saman 2,1 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på 80 personar samanlikna med juli, skriv NAV region Sunnhordland i ei pressemelding.
– Det er ei stabilt låg arbeidsløyse i regionen. I august har det vore ein stor nedgang blant dei heilt ledige, medan det er blitt fleire delvis ledige og personar i arbeidsretta tiltak. På denne tida av året er det ofte fleire som byrjar i nye jobbar eller startar på ei utdanning, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.
I Sunnhordland var det i august lågast arbeidsløyse i Etne (1,6%) og Kvinnherad (1,7%). Alle kommunane hadde ei nedgang i arbeidsløysa utanom Fitjar og Sveio.
Optimisme
– Mange arbeidsledige nærmar seg slutten på dagpengeperioden. Nokre av dei er permitterte. Det er eit mål at så få som mogleg står utan inntekt. Dette er ei gruppe me følg tett opp. Ei kartlegging syner at fleire er delvis i jobb, skal byrje i jobb eller utdanning, seier Lægreid.
Personar som risikerer å stå utan yting får blant anna hjelp til jobbsøking, arbeidsretta tiltak, kompetanseheving og økonomisk rettleiing.
– Det er høg aktivitet på arbeidsmarknaden og mange ledige stillingar. Me ser fleire gode samarbeid mellom jobbsøkjarar, arbeidsgjevarar og NAV, som gir uttelling. Det gir grunnlag for optimisme og gode moglegheiter for å lukkast i jobbjakta, avsluttar Håvard Lægreid.