nyhende

– Den primære drivaren for auken denne månaden er at fleire av dei permitterte er heilt utan arbeid i perioden, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.
– Den primære drivaren for auken denne månaden er at fleire av dei permitterte er heilt utan arbeid i perioden, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Arbeidsløysa aukar, men er framleis låg

I mars har NAV i region Sunnhordland registrert 1,5 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken. Der er ein oppgang på 67 heilt ledige personar i høve til februar.

Publisert Sist oppdatert

I Sveio har talet på personar heilt utan arbeid halde seg jamnt første kvartal av 2024. I januar, februar og mars har det vore høvesvis 28, 29 og 30 heilt ledige. Omsett i prosent utgjer det 1,1 prosent av arbeidsstyrken i mars.

Bømlo har gjort eit kraftig byks frå 128 (2,1 prosent) heilt ledige i februar til 217 (3,5 prosent) i mars. Lågast arbeidsløyse er det i Stord og Kvinnherad med 0,8 og 0,9 prosent, og snittet for Sunnhordland er 1,5 prosent i mars mot 1,3 i februar.

Færre ledige stillingar

– Den primære drivaren for auken denne månaden er at fleire av dei permitterte er heilt utan arbeid i perioden. Me trur denne situasjonen snur heilt i april, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

I mars månad vart det registrert 321 ledige stillingar i regionen. Dette er eit lågare tal enn månaden før. Påsken gjer i årstatistikkmånaden mars veldig kort. Ser ein på tilgong stillingar i snitt per verkedag er tilgongen i mars tett opp til tilgongen i februar, om enn noko lågare.

Størst behov innan helse

Helse, pleie og omsorg er den næringa med flest utlyste stillingar (177), med god margin over den med nest flest som er IKT- og ingeniørfag (28).

– Etterspurnaden frå arbeidsgjevarane i regionen held seg høg. Helse- og omsorgssektoren har lenge stått for ein stor del av etterspurnaden. Faktisk utgjer etterspurnaden frå desse yrka over halvparten av stillingane me har tilgong til i mars, seier Lægreid.

Samarbeid for å få fleire helsefagarbeidarar

I Sunnhordland har NAV, saman med Vestland fylkeskommune og alle kommunane i Sunnhordland, starta eit prosjekt for å rekruttera fleire inn i helefagarbeidaryrket.

Prosjektet er lokalt initiert av NAV Bømlo og Bømlo kommune for å hjelpa fleire mot ei helsefagleg utdanning. Sektoren har store behov allereie, og NAV trur behova vil vere store fram i tid også.

– Me er i gong med å leita etter kandidatar til dette kvalifiseringsløpet. Me har veldig tru på at dette kan føra til fleire aktuelle kandidatar mot dette yrket, og har mellom anna frå tidlegare god erfaring med Menn i Helse. Me er veldig glade for at kommunane i regionen vår er med på denne typen prosjekt, der me både får inkludert fleire i arbeidslivet og samstundes bidreg til å dekka behovet i ei særleg viktig næring, seier Lægreid

Powered by Labrador CMS