nyhende

Stordabrua er 1078,5 meter lang, og Bømlabrua 999 meter. FOTO: STATENS VEGVESEN
Stordabrua er 1078,5 meter lang, og Bømlabrua 999 meter.

Arbeidet på Stordabrua startar i påska

Har du vore nordover dei siste dagane, kan det henda du har registrert at entreprenørane har rigga seg til på Føyno. I morgon startar vedlikehaldsarbeidet på Stordabrua.

Publisert Sist oppdatert

– Når arbeidet startar måndag, vil ikkje trafikken bli påverka. Jobben pågår då i nordenden av brua, oppå tunnelen. Etter kvart vil prosjektet flytta seg til brua, seier prosjektleiar Trond Ingve Mølstre (Statens vegvesen) og Kristoffer Hove (Vestland fylkeskommune).

Mange vil kanskje ha observert at entreprenørane har rigga seg til på Føyno, rett ved tunnelopninga.

Fellesprosjekt

Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune har eit fellesprosjekt på å vedlikehalda E39 Stordabrua og Fylkesveg 542 Bømlabrua.

Stordabrua blir tatt først. Naudsynte førebuingar blei gjort i løpet av hausten i fjor. No startar arbeidet, og det skal vera ferdig i haust, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Arbeidet på Bømlabrua startar våren 2024, og er ferdige i september same år.

Ein kontrakt på 227.803.348  kroner pluss moms er signert for vedlikehaldsarbeidet av dei to bruene.

— Me har lyst ut arbeidet som eit fellesprosjekt fordi me då kan løysa arbeidsoppgåvene meir effektivt. Bruene ligg nære kvarandre, noko som gjer det mogleg å bruka same spesialutstyr på begge bruene, seier Hove og Mølstre.

Dette skal gjerast

Heilt konkret skal Statens vegvesen avfukta berekablane, samt gjera noko overflatebehandling av berekablar og hengestenger på Stordabrua.

Vestland fylkeskommune gjer det same på Bømlabrua neste år.

Begge bruene er bygde i år 2000. Stordabrua er 1078,5 meter lang, og Bømlabrua 999 meter.

Utsette for skadar

Hengebruer i kystnære strøk er særleg utsette for skadar grunna fukt og sjøvatn. Bruene skal difor ha eit avfuktingsanlegg for berekablar.

Dette har mangla på begge bruene, og må koma på plass for at det ikkje over tid skal kunna oppstå skadar som kan gå ut over bruenes bereevne.

Bruer og brukonstruksjonar blir tærte av tidas tann. Vêr og vind, salt sjøsprøyt og temperaturforandringar kan gi rust- og forskjellige type slitasjeskadar både på fundament, rekkverk, bruplate, brutårn og stag.

– Vedlikehald av bruer handlar om å ta vare på det me har, til beste for både trafikantane og miljøet. Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å syta for at me klarer det i morgon, slik at me kan utføra vårt samfunnsoppdrag med å gje trafikantane eit trygt og føreseieleg framkomeleg transportsystem også i framtida, avsluttar Mølstre og Hove.

Powered by Labrador CMS