nyhende
Arbeidet på Stordabrua litt forseinka
Måndag er fellesferien over, og ein del skal på jobb nordover. Stordabrua er framleis under utbetring, og ein må rekna med å stå i kø i alle fall ut august.
Arbeidet med å utbetra Stordabrua starta for fullt i april, og planen var å ha kome så langt at arbeidet ikkje påverka trafikken når ein kom til tidleg august.
– Me er litt bak skjema, mellom anna på grunn av utfordringar med utstyr som er forseinka får Tyrkia. Det begynner å koma i neste veke, og då vil bilistane også sjå meir aktivitet på brua, seier prosjektleiar Trond-Ingve Mølstre i Statens vegvesen.
Legg inn køtid
Skal du på jobb på Stord eller andre stader nord for Stordabrua, bør du legga inn litt ekstra tid til å stå i kø. I alle fall ut august, og kanskje i starten på september.
– Me har ein kombinasjon med lys og manuell dirigering gjennom dagen. Det blir betre trafikkregulering med manuell dirigering, og det har me frå rundt klokka 13.30 og utover nokre timar. Måndag og tysdag vil me også ha manuell dirigering om morgonen. Erfaringane frå morgontrafikken dei dagane avgjer om me held fram med det vidare, seier Mølstre.
– Har gått veldig bra
Hittil har det verre vore to dagar med store utfordringar. Ein onsdag og fredagen då fellesferien starta.
– Det er stor trafikk og utfordrande å jobba så tett på den, men det har eigentleg gått veldig bra. Enkelte køyrer bevisst på raudt lys eller for fort, men det hjelper på når politiet er til stades. Det er nok at folk ser dei eller politibilen i vegkanten, då køyrer alle som dei skal. Politiet har også sagt at dei vil slå hardt ned på køyring på raudt lys og for høg fart, seier Mølstre.
No jobbar dei med brua der spenna er lågast. Etter kvart som arbeidet tar til meir i høgda, vil også trafikken kunna gå meir som normalt.
227.803.348 kroner
Utbetringane av Stordabrua (1.087,5 meter) og Bømlabrua (999 meter) er eit fellesprosjekt med Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune. Arbeidet med Stordabrua blir ferdig i løpet av hausten. Bømlabrua startar ein med våren 2024, og arbeidet skal vera ferdig i september same år.
Kontrakten er på 227.803.348 kroner pluss moms for vedlikehaldsarbeidet på dei to bruene.
Hengebruer i kystnære støk er særleg utsette for skadar grunna fukt og sjøvatn. Bruene skal difor ha eit avfuktingsanlegg for berekablar. Dette har mangla på begge bruene, og kjem no på plass under utbetringsarbeidet. Avfuktigsanlegget sørger for at det ikkje over tid oppstår skadar som kan gå ut over bruene sin bereevne.