nyhende
Arbeidet med ny Røldalstunnel er i gang
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård tok måndag første spadetak for ny Røldalstunnel. Den skal fjerne 1000 høgdemeter og gi ein meir føreseieleg fjellovergang på Europaveg 134.
– E134 er ein av hovudpulsårene som bind landet saman. Når vi no startar opp arbeidet mellom Røldal og Seljestad, er det ikkje berre ein lokal forbetring – det er ei investering i tryggare transport mellom aust og vest, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i ei pressemelding.
E134 er ein av dei viktigaste hovudvegane mellom aust og vest, men dagens utforming skaper mange utfordringar for trafikantane. Vegen er utsett for kolonnekøyringar på vinterstid, dei gamle tunnelane er smale, og vegen har rundt 1000 høgdemeter i stigning og nedgang på strekket mellom Liamyrane og Hesjabakk.
(©NPK)