nyhende
Apotekaren takkar for seg etter nesten ti år i Sveio
Mykje har skjedd sidan Younes Bakali opna dørane til det første apoteket i Sveio i august 2011. No kjem snart eit nytt kapittel for både apoteket og apotekaren. Frå nyttår tar kjeda over, etter Bakali sitt ønskje.
Den svensktalande og lune apotekaren har blitt god venn med sveibuen gjennom jobben sin. Heilt sidan oppstarten og til no har han lagt ned mange arbeidstimar kvar einaste veke, medan verksemda har etablert seg og vakse seg større.
Nye moglegheiter
– Eit par år var eg aleine som farmasøyt, då jobba eg alle dagar, og kvar helg. Eg har trivst, og det har vore veldig kjekt, seier Bakali, som har vore medeigar i apoteket sidan det var nytt. I midten av året var beslutninga moden, og Bakali signerte papira som tar han med til ein ny fase – det blir utan Apotek 1 Sveio.
– Å levera apoteket frå meg skjer ikkje over natta. Det er ei heilskapsvurdering som har bygd seg opp over tid. Eg har halde på her i snart 10 år, og eg blir ikkje yngre. Det er på tide å finna seg noko anna, forklarar Bakali, som runda 40 år i juli.
Vanleg turnus
Planane er klare. No skal han «berre» vera vanleg apotekar og arbeidstakar i vanleg turnus. Ny arbeidsplass blir på det innarbeida Apotek 1 i Spannavegen, på same tid skal han vera med å byggja opp eit apotek i Veakrossen som deleigar.
– Då eg starta i Sveio kom eg frå apoteket på Amanda, det var ein kamerat frå studietida som fekk meg til Haugesund og denne arbeidsplassen. Det er han eg skal jobba med igjen, fortel Bakali. Han ser fram til ny jobb, med mindre ansvar og administrasjonsarbeidet utanom opningstida det medfører å driva for seg sjølv.
Tøffe månadar
Bakali, som er oppvaksen i Stockholm i Sverige legg ikkje skjul på at dei siste månadane har vore tøffe på grunn av situasjonen med korona som me enda står i. Mange i risikogruppa oppsøker apoteket av opplagte årsakar. Kva om dei skulle bli smitta på apoteket?
– Det er eit enormt press, i tillegg er apotek ei samfunnskritisk bedrift. Me fort såg at det gjekk bra med nye rutinar, slik at me kunne halda ope som normalt, men det er ikkje tvil om at det blir ei belastning, seier Bakali.
Sidan han har solgt sin del til kjeda vil drifta bli annleis, og mindre sårbar. Det vil bli ein meir fordelaktig konstellasjon med full støtte frå kjeda, med tilgang til farmasøytar frå dei andre utsala.
Unike relasjonar
– Eg har hatt det voldsomt kjekt her med kollegaer og kundar, og eg merkar at lokalsamfunnet set pris på apoteket. Eg har sjølv mange personlege relasjonar, det er litt unikt. Det vil nok bli vanskeleg å byggja opp på ein ny stad, medgir apotekaren.
Den som tar over har vore farmasøyt ved apoteket sidan 2013. Kjersti Møller (44) er opphavleg frå Sandnessjøen ved Helgelandskysten, men kom til Vestlandet i 2002. Ho bur i Haugesund med mann og tre barn mellom 8 og 13 år.
Søkjer fleire tilsette
– Eg kjenner apoteket godt, sånn sett blir det ikkje så skummelt. Det er veldrive, men eg vil få innsikt i ein ny del av drifta. Eg trur det skal gå bra, seier Møller.
Det første ho må sjå på er kabalen med tilsette. Optimalt skal det vera 3,4 årsverk på Apotek 1 Sveio. Over heile landet er det farmasøytmangel, det gjeld også for det lokale farmasiet.
– Det vil nok bli litt nye fjes framover. Kan du få med at me framleis er på utkikk etter folk, både farmasøyt og apotekmedarbeidar? spør den kommande apotekaren.