nyhende
Ap vann, men Sp held korta
Arbeidarpartiet vann valet i Sveio, men det betyr ikkje nødvendigvis at det blir dei som får makta i fire år framover.
Fire minutt på åtte kom den siste røystaren springande inn. Ho rakk det akkurat.
– Det har vore ein jamn straum av folk heile dagen, fortalde Helge Matre i røystestyret i Sveio då klokka slo åtte måndag kveld.
Nesten 70 prosent
Det var litt ekstra pågang, tidvis etter tre-halv fire.
– Då var det stor kø her. Større enn me likte, med omsyn til ventetid. Men det ser me og at dei har hatt problem med i andre kommunar, som Bergen til dømes, seier Matre.
Av alle som kan røysta i Sveio har heile 67,3 prosent gjort nettopp det, ifølgje Valgdirektoratet.
Joker i midten
Arbeiderpartiet jubla høgt mandag kveld då det blei klart at dei var valets reelle vinnar, til trass for tilbakegang frå tidligare val.
Då tala kom inn blei det også klart at Senterpartiet har blitt ein joker i årets kommuneval i Sveio. Med sin unike posisjon kan den politiske administrasjonen sjå ganske annleis ut alt etter kor partiet vel å alliera seg. Med vinnaren Ap, eller med Høgre som ligg på tredje plass? Det ligg jo i namnet til Senterpartiet at det er ikkje lett å vita kva retning dei no vil gå for. Det kan altså vera mogligheit for at Sp kan ta til seg makta med Høgre i passasjersetet. Det blir spanande å sjå.