nyhende

Ap-statsråd på valkampbesøk i innspurten

Sveio Ap fekk valkampbesøk av arbeids-og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) tysdag. Persen si avgjersle om å stoppa lærarstreiken i fjor leidde til at utbrytarar frå Ap stifta det rivaliserande partiet Tverrpolitisk Fellesliste. – Det var dessverre naudsynt å gripa inn, seier Persen.

Publisert Sist oppdatert

– Me hadde veldig fine samtalar med fleire. Statsråden fekk møta flyktningar på språkkafé, seniorgjengen på Sambrukshuset, tilsette på NAV og så ein lokal verksemd som har tilsett ein flyktning frå Ukraina, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).

Statsråd Marte Mjøs Persen (Ap) er arbeids-og inkluderingsminister, og gjer i desse dagar siste innspurt i valkampen. Stoppet hennar i Sveio vara i vel over to timar, noko som er meir enn dobbelt så mykje som den gjennomsnittlege stortingspolitikar på valkampbesøk.

Møtte med fleire

Ordføraren var nøgd med å kunna visa fram det frivillige miljøet i Sveio.

– Me byrja dagen med å eta lunsj saman med seniorgjengen på Sambrukshuset, seier Erve.

Dugnadsgjengen gjorde eit godt inntrykk på ministeren. Vidare gjekk besøket til Frivilligsentralen kor språkkafé for flyktningar var i gang. Persen seier hausten markerer ein overgang for særleg ukrainske flyktningar i Noreg.

– Me har busett 50.000 flyktningar sidan krigen braut ut. Mange har teke imot tilbod om introduksjonskurs, og dei vert no ferdige i løpet av hausten. Ei sentral oppgåve vert då å hjelpa dei ut i arbeid, noko me forventar at kommunane skal hjelpa dei med, seier Persen.

NAV Sveio var også på lista. Der snakka snakka om korleis å få fleire i arbeid.

– Kom statsråden med nokre lovnadar eller bevillingar?

– Nei, ikkje med noko konkret, men det var same dagen som regjeringa slapp nyheita om kutt i barnehagepris, svarar Erve.

Ungdomsgaranti som hjartebarn

Tysdag kunngjorde regjeringa at makspris på barnehagar skal reduserast med 1.000 kroner frå 1. august 2024. Statråden trekker fram to viktige ting NAV i Sveio gjer.

– Koordineringsarbeid knytta til familiar og arbeidet med få unge ut i jobb, seier Persen.

Erve peikar på den såkalla ungdomsgarantien som eit initiativ statsråden har gjort for å hjelpa unge. Det er ei forskrift kor unge mellom 16 og 30 år er sikra tett oppfølging og rettleiing frå NAV i møte med utdanning og arbeidslivet.

– Det er mitt hjartebarn. Me har rundt 70.000 ungdomar mellom 16 og 30 år som står utanfor. Det er ressursar me treng. Det handlar om tett, tidleg og tilpassa oppfølging, seier Persen.

Den tredde i kraft 1. juli. Statsråden meiner difor det er for tidleg å vita korleis ordninga går, men understrekar samstundes at ho ikkje har eit målfesta tal.

– Det handlar om å gje kvar enkelt ungdom mogelegheit til å følgja sine draumar, seier ho.

Ekko frå lærarstreik i kommunevalet

Persen si avgjersle om å gjera slutt på fjorårets lærarstreik var årsaka for at to lærarar, og kommunestyrerepresentantar for Sveio Ap, melde seg ut av partiet i protest.

Ein av desse, Asle Georg Halleraker, stifta det rivaliserande partiet Tverrpolitisk Fellesliste som no konkurrerer med Arbeidarpartiet om veljarar. Der har han fått med seg ein tredje kommunestyrerepresentant som har meldt seg ut av Ap, John Anders Semb. Det var ikkje eit tema for besøket.

– Ho kom her for å snakka om hennar fagfelt, møta folk frå frivilligheita og NAV, og det vart hovudfokus for dagen, svarar Erve.

Statsråden synest det er leit med utmeldingar, men seier dei står fritt. Sjølv heiar ho på Erve og meiner ordføraren gjer ein god jobb og skaper positiv merksemd for Sveio.

– Tre representantar for Ap har meldt seg ut av partiet, og no er to av dei med i eit rivaliserande parti som konkurrerer med Sveio Ap. Føler du noko ansvar for at Sveio Ap får ein vanskeligare valkamp?

– Det var heilt naudsynt å gjera slutt på streiken på grunn av dei unge som har vart råka av både tida under pandemien og streiken. Dei faglege råda sa dette. I utgangspunktet er det partane sitt ansvar å løysa, men det vart dessverre naudsynt, svarar Persen.

Powered by Labrador CMS