nyhende

Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve.
Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve.

Ap, FrP og dei to uavhengige i dialog med andre parti for å finna ei løysing

Søndag kveld sendte ordførar i Sveio, Linn Therese Erve ut ei pressemelding, der det går fram at det er i dialog med dei andre partia i kommunestyret for å jobba fram eit felles vedtak som kan bidra til å dempa konfliktnivået – og samla kommunen.

Publisert Sist oppdatert

Like over klokka 21 søndag kveld fekk Vestavind ei pressemelding signert ordførar Linn Therese Erve. Ho fortel at Sveio Arbeiderparti, Sveio FrP og dei to uavhengige ser at debatten om ny skulebruksplan for Sveio kommune har blitt ført med ein svært høg temperatur og eit til tider høgt konfliktnivå.

– Me ser og at koronapandemien har gjort prosessen vanskelegare då det har vore tilnærma umogleg å gjennomføre fysiske møte både i bygdene og i folkevalde organ. For oss er det aller viktigaste omsynet at alle elevar i kommunen føler seg trygge med tanke på framtida, skriv Erve i meldinga.

Vidare står det at elevane på Auklandshamn og Valestrand må ikkje leve i uvisse lenger enn nødvendig. Ei utsetjing med nye høyringsrundar og forlenga debatt er ikkje til det beste verken for elevane, dei føresette, dei tilsette eller for Sveio kommune som lokalsamfunn.

– Me er på bakgrunn av dette no i dialog med dei andre partia i kommunestyret for å jobbe fram eit felles vedtak som kan bidra til å dempe konfliktnivået og samle kommunen. Ordførar og varaordførar ser det som svært viktig at heile kommunestyret jobbar saman til det beste for heile Sveio kommune.

Powered by Labrador CMS