nyhende
Anna oppfatning av skulevedtak
Sveio Høgre er undrande til at Arbeiderpartiet fortel at dei har lova 1,1 millionar kroner til område skule for skuleåret 2021/2022. – Kommunestyret har løyvd 500 000 kroner til skule i år, og ikkje noko meir, meiner Lars Einar Hollund.
Etter sist kommunestyremøte hadde Vestavind ei sak der det gjekk fram kor stor sum området skule ville få i skuleåret 2021/2022. Opplysningane i artikkelen var basert på opplysningar frå kommunestyremøtet og påfølgjande dialog med leiar for hovudutval oppvekst og kultur, Asle G. Halleraker (Ap).
Ein mindre sum
Det blei presentert at skule vil få totalt 1,1 millionar kroner. Vedtaket i seg sjølv seier 500 000 kroner dette året, men etter forklaring frå Halleraker, kom det fram at budsjettet følgjer skuleåret, slik at vedtaket reelt vil gi 1,1 millionar kroner til området skule for skuleåret 2021/2022.
Denne framstillinga reagerer Sveio Høgre på.
– Det kan vera mange gode intensjonar om å gjera noko seinare, men det som er fakta i dag, er at det er løyvd ein halv million kroner til skule, seier Lars Einar Hollund (H). Dette er hans oppsummering av nye vedtak som gjeld området skule i år og neste år:
Støtte frå eigedomsskatt
– I saka Revidert budsjett 2021 gjekk Ap og FrP inn for å gi 500 000 kroner i ekstraløyvingar til skule, vårt forslag om å auka skulebudsjettet med éin million i 2021 stemde dei same partia imot, seier Høgrepolitikaren.
Budsjettrammer for 2022 blei behandla i neste sak, Budsjett 2022.
– Her foreslo Høgre saman med Sp, KrF, MDG og SV å følgja opp den foreslåtte auka i 2021 med ei auke på to millionar kroner, som då må fordelast på eit heilt år, og ikkje berre eit halvt som for ekstraløyvinga foreslått i 2021, forklarar Hollund. Deira forslag skulle dekkast inn ved å behalda eigedomsskatten på 2021-nivå.
Vanskeleg å forstå
Dette blei stemt ned av Ap og FrP, som vedtok rådmannen sitt forslag til budsjettrammer for 2022, der budsjettet for oppvekst/skule er redusert med 1 million kroner.
– Då blir Ap og FrP si satsing på Sveioskulen vanskeleg å forstå, seier Hollund.
Halleraker har sagt til Vestavind at debatten om 2022 kjem seinare i år, når ein har oversikt over den totale kommuneøkonomien. Han forklarar at det vil vera forhasta å forskottera noko i rådmannen sitt budsjettframlegg for 2022, då dei oppdaterte rekneskapstala for heile kommuneøkonomien ikkje er klare før nærmare jul. Per no veit ein ikkje kva som ligg føre av økonomiske utfordringar, og signala om at rådmannen varslar innstramingar, vil han ta på alvor.
To-lærar
– Dette ville ha ført til at me startar den detaljerte budsjettbehandlinga rundt eit halvt år før tida, det meiner eg ikkje er bra av omsyn til den totale budsjettbehandlinga, seier Halleraker.
Han viser til at det også er bedt om ei evaluering av to-lærarsystemet som skal prøvast ut ved Sveio skule til hausten.
– Dette har budsjettmessige konsekvensar sidan det kan påvirka skulebudsjettet og den strukturen skuleadministrasjonen vel. Eg brenn for skule, og vil sjølvsagt få mest mogleg kvalitet ut av dei kommunale kronene, men må på same tid ha respekt for at andre sektorar også har utfordringar dei må løyse innafor tildelt budsjett. Dette må behandlast i ein heilskap, det gjer me i desember. Eg kan ikkje lova noko eg ikkje kan stå ved, eller halda, seier Halleraker.
Konsekvensar av reduksjon
For å få ei nøytral forklaring på kva vedtaka går ut på, fortel rådmann Jostein Førre kva vedtaka seier.
– Det er rett at rammeområde skule blei styrka med kr 500 000,- til andre halvår 2021, etter nyleg vedtak i kommunestyret. Endeleg budsjett for 2022 blir vedteke i kommunestyremøtet i desember 2021. Kor stor økonomisk ramme området vil ha i 2022 blir vedteke i dette møtet. Status i dag er at rådmannen har foreslått å redusera den økonomiske ramma til skuleområdet med kr 1 000 000,- i kalenderåret 2022, i tråd med arbeidet for å auka det økonomiske handlingsrommet til kommunen. Budsjettprosessen fram til desember vil klargjera kva konsekvensar ein slik reduksjon vil kunne få for skuleområdet, seier Førre.
To rammetildelingar
Rådmannen forklarar også at budsjetta for alle einingar i kommunen følgjer kalenderåret, men for skule er dette utfordrande sidan skuleåra ikkje følgjer kalenderåret. I praksis får skulane ny ramme kvart nye skuleår basert på nye elevtal, det vil seia at det blir gjort ei budsjettendring kvar august. Ved overgang til nytt år blir ramma i frå august justert med kommunal deflator (pris- og lønstigning).
– I løpet av eitt år har altså skulane to ulike rammetildelingar å forholda seg til. For skule er det i hovudsak slik at rundt 5/11-delar av budsjettet nyttast på haustsemesteret, medan 6/11-delar nyttast i vårsemesteret. Om alt anna er likt, og då spesielt elevtal, vil det vera slik at ei ekstra løyving om hausten vil medføra trong for ekstra løyving om våren, om ein ikkje skal gjera endringar i drifta. Om skuleområdet skal prioriterast til hausten, må truleg andre tenester få reduserte løyvingar, seier rådmannen.