nyhende

Utrykningspolitiet var på plass i Førde onsdag ettermiddag og kveld.
Utrykningspolitiet var på plass i Førde onsdag ettermiddag og kveld.

Anklagar mot person på løpesetlar i Sveio sentrum

Publisert Sist oppdatert

Redaksjonen har fått fleire meldingar om at det i går var strødd anslagsvis 15-20 laminerte lappar i Sveio sentrum, nærmare bestemt ved Sveio senter.

Av lappen går det fram at ein namngitt og avbilda person visstnok skal stå for kriminelle handlingar, med ønskje om at vedkommande blir tatt for dette.

– Å spreia løpesetlar med informasjon som insinuerer at nokon driv med straffbare ting, kan vera straffbart, seier vaktsjef André Skram Hansen ved Haugesund politistasjon. Han minner om at det er politiet som tar i mot straffesakar, og at folk ikkje skal gjera noko privat.

Opplysningane var ukjende for politiet fram til Vestavind tok kontakt, men har no registrert hendinga.

Powered by Labrador CMS