nyhende

Skadane på høgre side, og særleg på hjul og front, er verre enn det ser ut på bildet. Foto: Privat
Skadane på høgre side, og særleg på hjul og front, er verre enn det ser ut på bildet.

Angrande syndar la seg flat og vil gjera opp for seg

Tysdag blei Annelise Lervik Severinsen sin bil smadra medan ho var på jobb i barnehagen. Ektemannen Odd Tore bestemte seg for at han skulle finna den som hadde gjort det.

Publisert Sist oppdatert

Vestavind skreiv om saka tysdag:

– Mange har engasjert seg, og me har fått ein god del tips. På veg for å sjekka ut eit av dei, stakk eg innom Haukås og ba dei vera på utkikk etter bilar med ein spesiell type skadar. På veg tilbake stakk eg innom igjen og fortalde at dei ikkje trong å halda utkikk lenger, fortel Odd Tore.

Fann del av baklykt

Han er i pappaperm og har brukt mykje tid dei siste to dagane på å driva detektivarbeid. Det lønna seg fortare enn dei hadde trudd i utgangspunktet.

– Det var mange som sa at det kom til bli vanskeleg å finna vedkommande. Men eg bestemte meg for at det skulle eg, uansett kor lang tid det ville ta.

Ein del av ei baklykt av merket Volkswagen ved den smadra bilen deira var, i tillegg til tips om ein bil som hadde skadar som kunne passa, var medverkande til gjennombruddet.

– Hei! Du har køyrt på bilen vår

– Rundt lunsjtider i dag (torsdag) troppa eg opp på døra til ein kar og sa: «Hei! Du har køyrt på bilen vår!» Han såg både forskrekka og letta ut, og la seg flat med ein gong. Han hadde meldt frå til eige forsikringsselskap, og forklarte at han ikkje hadde prøvd å stikka av. Han hadde ikkje funne ut korleis han skulle gjera det, sa han. Det hadde faktisk vore så enkelt som å legga igjen ein lapp på vindusruta med namn og telefonnummer og skrive at han hadde vore uheldig og køyrt på vår bil, seier Odd Tore.

Han er glad for at han fann ut av det såpass kjapt. No blir det ikkje fleire søvnlause netter. Og ingen sur kostnad med 7.000 i eigenandel fordi syndaren ikkje blei funne. Mannen sitt forsikringselskap tar saka vidare.

Kjem på 57.000 kroner

Mannen, som det gjekk bra med, har forklart at uhellet skjedde då han sette bilen i revers i staden for drive. Det har vore ein skikkeleg smell, og mannen sin bil har også fått ein god del skadar. Bilen blei berga av hengarfestet og var køyrbar etter kollisjonen. Det var ikke den eit år gamle Maxus Unit 6-en.

– Skadane er mykje verre enn det ser ut på bildene, så me var spente på kva det vil kosta å reparera bilen. Eg trur Førde Auto blei like overraska som oss over at det «berre» kjem på 57.000 kroner i delar, arbeid og lakkering, fortel Odd Tore.

Case closed

Han har oppdatert politiet – som både ba publikum om tips og oppfordra ekteparet Lervik Severinsen til å melda saka – om at saka no er løyst.

Då gjenstår det berre å venta på at forsikringsselskapet til mannen gir Førde Auto klarsignal til å bestilla nødvendige delar slik at dei kan setta i gong med reparasjonane.

Powered by Labrador CMS