nyhende
Angrande russ ba om orsaking
Natt til Kristi Himmelfartsdag herja russ på Haukås bensinstasjon. Fredag tok ein av russebussane kontakt med dagleg leiar Emma Kinn.
– Bussjefane ringte og ville forklara seg. Då dei kom seinare på dagen, sa dei at dei ikkje hadde gjort noko av hærverket sjølv. Men dei kunne ikkje garantera at ikkje nokon frå deira buss hadde vore med, fortel Kinn.
At dei var så vaksne at dei møtte personleg for å be om orsaking, set Kinn pris på.
Sette strek
– Dei ville rydda opp i noko dei ikkje sjølve hadde bidratt til, og det er vakse gjort. Sidan det ser ut til at russ frå denne bussen ikkje har vore med og øydelagt noko, valde me å setta ein strek for vår del. Bussen deira er no velkomen på både vår stasjon og dei andre Shell-stasjonane.
Dei som kom for å gjera opp for seg, tilhøyrer den russebussen som ut frå overvakingsopptak ser ut til var minst aktiv.
– Det er sendt melding til dei to andre bussane, og me forventar at dei svarar. Førebels har me ikkje høyrt noko frå dei, seier Kinn til Vestavind søndag.
Stille frå dei to andre bussane
Ho minner om at saka er meldt og blir etterforska.
– Det skal løna seg å ta ansvar. Eg kjem til å melda frå til politiet måndag at denne russebussen har gjort opp for seg. Men som eg sa til dei er det ikkje opp til meg, men politiet kva det får å seia for etterforskinga, seier Kinn.
Har oppretta sak
Hærverket og innbrotsforsøket ved Haukås bensinstasjon blei meldt til politiet. Politiadvokat Anders Christiansen ved Felles straffesakinntak i Sør-Vest politidistrikt seier til Vestavind måndag morgon at det er oppretta sak og sikra bilde frå overvakingskamera på bensinstasjonen. Politiadvokaten vil ikkje kommentera saka ut over dette, og heller ikkje svara på om politiet er kjent med at bussjefane på den eine russebussen har kontakta bensinstasjonen.